Film

Merrabit

Sjølv Kate Winslet med overtenning kan ikkje ta vekk opplagde kvalitetar med Mare of Easttown, om det berre held heilt til mål.

Kate Winslet spelar etterforskaren Mare Sheehan.
Kate Winslet spelar etterforskaren Mare Sheehan.
Publisert

Då Erin vert funnen drepen i elva der ungdommane samlar seg i småbyen, får politietterforskar Mare (Winslet) nok ei sak som handlar om nokon ho kjenner. Verre er det at det etter alle solemerke også er nokon ho kjenner som er gjerningspersonen.

Tøffe trådar

Det er harde bod i Småby-Pennsylvania. Generasjonar med alkoholisme, tenåringsgraviditet og arbeidsløyse avlar hardkokte politifolk som Mare. Eg brukar nesten to episodar på å av-irritera meg dei overdrivne faktene til Winslet. Ho oppfører seg meir som ein sheriff i Det ville Vesten enn som ein moderne politietterforskar, og det er hakket før ho snublar i sporane på dei imaginære cowboystøvlane.

Etter kvart som det blir rulla opp nye detaljar om fortid, familie og feidar, vert eg meir komfortabel med Mare. Til tider vert det vel mykje personlege tragediar – har dei mista ei dotter til prostitusjon og narkotika, så må dei likevel få litt kreft på toppen – og desse mange innblikka i livet til meir eller mindre involverte stiller ei viss forventning til kva funksjon dei har i handlinga. Eg satsar alt på ei heftig oppnøsting til slutt.

Finsaum

No er denne meldinga basert på fem av sju episodar, sidan HBO ikkje har klypt ferdig serien enno. Men det skjer saker og ting. Steike, så mykje som skjer, og eg er særdeles nysgjerrig på fortsetjinga! Nytt snusk og nye vriar vert introduserte jamt og trutt, og bak kvar ein tilsynelatande enkel fasade skjuler det seg sider som bryt med oppfatninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement