Mektig mørke
Ungarske Natural Light er den beste filmen om den andre verdskrigen på lenge.
Semetka må ta over når sjefen blir skoten i ei trefning i skogen.
Foto: Filmweb
DRAMA/KRIGSFILM
Regi: Dénes Nagy
Natural Light (Orig.tit.: Természetes fény)
Med: Ferenc Szabó, László Bajkó, Tamás Garbacz
Kinofilm
Semetka (Szabó) er korporal i ein av mange ungarske troppar som er allierte med Tyskland. Dei er på tokt i Sovjetunionen og jaktar på partisanar den kalde vinteren 1943. Lokale karar som fraktar ein død elg på ein flåte, må gje frå seg kjøt, og snart er troppen i landsbyen deira. Kven som er på lag, er uklart. Folk osar av frykt. Semetka må ta over når sjefen blir skoten i ei trefning i skogen. Han er ikkje ein blodtørstig fyr, men det er få ljosglimt i horisonten.
Arendtsk apati
Sivilfolk er som dei plar vere i krig i skotlinja. Soldatar tek for seg av mat og er ein konstant trussel mot kvinner. Straff får dei sivile uavhengig av skuld. Mistanke held. Vår mann er eit motvillig tannhjul. Ein skarve soldat med samvit og fotografiapparat som ikkje vil det vonde. Ofte tek han passive val som skal skåne folk. Det hjelper lite når krigens logikk kryp innpå med andre leiarar. Filmen tek vondskapens banalitet vidare. Sjølv om nokre offiserar er nådelause, er han nyansert. Skulda står ved alle soldatane. Ein ser ho i det varme ljoset av eit brennande hus som lyser opp andleta deira. Tankefulle, vêrbitne andlet skin dystert.
Stille ljos
Takten er sakte. Ein får meditere over mørket som gjennomsyrer krigen. Forteljinga er fokusert og dvelande. Filmen er ikkje episk, og heller ikkje actionfylt, for dei som synest krig er noko kjekt som skjer medan ein et popkorn. Snarare er det ei stille skildring av nokre få dagar i livet til ein vanleg soldat. Han er ordknapp. Sjølv om han aldri seier høgt kva han meiner eller føler, lèt det intime kameraet oss komme i djupna på eit andlet som avslører mykje med få fakter. Visuelt er filmen smakfullt smålåten, men spektakulært god. Fotograferinga er framifrå. Brun gjørme, kaldt vatn og kveldssol i naturleg ljos gjer seg. Lydsporet og musikken er spartansk og sterk.
Fleire har trekt parallellar til den kraftfulle klassikaren Gå og se av Elem Klimov frå 1985. Det gjer dei rett i. Debutanten Dénes Nagy vann Sølvbjørn for beste regi på Berlinalen i år. Han har stålkontroll på kompromisslause grep. Denne filmen krev kinolerret. Sjå ljoset. Kjenn mørket.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein får meditere over mørket som gjennomsyrer krigen.
Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.