Film

Meir, meir!

Sjølv om fyrstesesongen var hakket strammare, finn du ikkje betre norsk TV-drama enn del to av Lykkeland.

Anna Hellevik (Anne Regine Ellingsæter) har gifta seg med Jonathan (Bart Edwards) i andre sesong.
Anna Hellevik (Anne Regine Ellingsæter) har gifta seg med Jonathan (Bart Edwards) i andre sesong.
Publisert

Året er 1977, og Anna Hellevik (Ellingsæter) har vendt tilbake til Stavanger etter fullført grad ved Noregs handelshøgskole og gifta seg med Phillips Petroleum-advokat Jonathan (Edwards). Alt som manglar, er å få seg jobb. Framleis må ho sno seg for å verta teken seriøst i den mannsdominerte oljebransjen.

Oljekvinner

Det er så mykje positivt å ta tak i med båe sesongar av Lykkeland at det er vanskeleg å oppsummera kjapt. Frå dei fyrste opningsbileta (nok ein gong med Lars Vestergaard på foto) med påfølgjande stemningsfull musikk (nok ein gong av komponist Ginge) kjennest det som å få besøk av ein god, gamal ven.

Gjensynsgleda med hovudpersonane er stor, og framleis er Anna ei me heiar på, trass i at ho opptrer både feigt og kaldt i enkelte situasjonar – litt som folk flest, noko som gjer ho endå meir likande. Dette er kvinnesakshistorie vel så mykje som historia om oljenasjonen Noreg, og nyansane kjem fram på godt og vondt.

Heltane er oppdikta, men det som skjedde i kulissane, hestehandlane og kvitvaskinga av vårt rykte som den snille David mot Goliat, er viktig. Den tidlege norske oljeepoken er vidt kjend som ei cowboytid med dei uansvarlege amerikanarane i tet, men bak fanst norske etatar og direktorat som nok såg gjennom fingrane med både eitt og hitt.

Bak kulissane

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement