Medviten meditasjon
Mange små grunnar gjer Gunda til ein stor sensasjon.
Gunda gjeter ungane sine.
Foto: Victor Kossakovsky / Sant & Usant / Egil H. Larsen / Arthaus
Dokumentar
Regi: Victor Kossakovsky
Gunda
Kinofilm
I ein og ein halv svartkvit time følgjer me grisen Gunda og andre dyr på Grøstad gard utfalda seg ute og inne i den vakraste filmen om gardsdrift du nokosinne kjem til å sjå.
Vis gris
Suksessformelen til Disney har sidan starten vore å putta menneskelege eigenskapar over på søte dyr og dermed laga ei uslåeleg blanding som går rett til hjarta. På underleg vis skjer litt av det same i Victor Kossakovskys fluge-på-fjøsveggen-film, berre utan manipulasjon.
Ingenting er meir boblande energisk enn eit kalveslepp, og lite verkar meir roande enn synet av grisungar som søv bedageleg ute i sola eller som strekkjer seg for å fanga regndropar med munnen. Ikkje eit ord vert ytra i heile filmen, og ord har sjeldan vore meir overflødige.
Ein må berre innstilla seg på halvannan time der pulsen senkar seg i takt med dei sovande ungane til Gunda. Fabelaktige Gunda, med si blanding av uhyrlege og vernande instinkt, med sine overraskande vakre auge og ei stoisk ro ein berre kan misunna henne. Så har også Gunda det enormt bra der ho tassar inn og ut av grisehuset sitt som ho sjølv lystar.
Og det er slik Gunda har fått sitt stempel som dyrevelferdsreklamefilm – tanken går til artsfrendane hennar på dei mange industriaktige grisefarmane rundt i landet og verda som ikkje har det slik. Viss me hadde ete litt mindre bacon, kunne mange fleire hatt eit griseliv som Gunda og ungane hennar. Dette veit me, men kostar det meir enn det smakar?
Sjokkartig
Det er rein fotomagi som er i sving i Gunda, både frå Kossakovsky og medfotograf Erik Håskjold Larsen. Tablå på tablå, utan hastverk, der ein får sjansen til å studera tryne, nebb og mular så tett på at det er som ein kan kjenna slevet på neven.
Scena der hønene får gå ut og trakka på gras for fyrste gong, er som å sjå eit under gå føre seg – med ope nebb set ho foten ned og kan nesten ikkje tru det. Foten står så lenge planta på bakken før ho set ned den neste, at han ser nesten ut som stamma på eit palmetre.
Og sjølv kor sakte det går, er det som ein berre må sjå litt til for kvart sceneskifte. Det er til tider ulideleg spennande og nesten uuthaldeleg realistisk, for ikkje å seia rett ut sjokkerande. For nokre kan det sannsynlegvis verta for brutalt, i den grad Disney så til dei grader glimrar med sitt urealistiske fråvær. Gunda får du midt i trynet, og ho er nydeleg.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.