Film
Med rett til å Bonda
Trass i at eg får action-overload, så held James Bond mål.
James Bond (Daniel Craig) og Nomi (Lashana Lynch) arbeider saman i den ferske Bond-filmen.
Foto: Nicole Dove / Metro Goldwyn Mayer Pictures
James Bond (Craig) har prøvd å trekka seg over mange år no, etter at nok ei kvinne i hans liv (Seydoux) har vist seg å ikkje vera til å lita på. Men kva kan han gjera når det stadig kjem tidenes verste slemmingar (Malek) som trugar verdas eksistens?
Det er noko herleg nostal-
gisk dei sekunda James Bond går i profil over lerretet, snur seg og skyt mot publikum. Det renn ikkje lenger blod nedover, men slapp av – det skal renna plenty blod utover i No Time to Die. Det vil seia, til å vera så mykje skyting og plaffing og bomber og granatar, så er det på sedvanleg, familievenleg Bond-vis lite grafisk splætt og sprut.
Duppeglipp
Det underlege med slike filmar (og kanskje fordi han varar nesten tre timar) er at eg duppar av når det blir for mykje action. Det same skjedde under Tenet. Det er som om hjernen min vert overbelasta, eg glepp med auga og går kan hende glipp av enkelte sekvensar. Eg kan rett og slett ikkje skulda regissør Cary Joji Fukunaga for dette, eg trur eg må sjå det som eit slags action-kvalitetsteikn. Eventuelt at eg og mister Bond ikkje er heilt skapte for kvarandre. Eg kan ikkje hugsa om eg sovna under Spectre (2015), men då var eg jo berre ein ungdom på 38.
Postkort frå Noreg
For å feia all tvil til side – det er faktisk mykje god og spennande handling i No Time to Die. Og det kunne i grunnen ikkje vore delt opp i to filmar. Kunne det vore kutta ned? Sjølvsagt, det er som sagt nesten tre timar film her, men det heng godt saman og gjev rom for å bli kjend med rollefigurane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.