Med liv og månelyst
Det er gledeleg når gamle travarar travar vidare utan å verka slitne.
Solan og Vigfus Skonken drøymer om måneferd.
Foto: Maipo Film / Nordisk Film
Animasjon
Regi: Rasmus A.
Sivertsen
Månelyst i Flåklypa
Stemmer: Kari-Ann Grønsund, Trond Høvik, Hege Schøyen
Nok ein gong tek sykkelreparatør og oppfinnar Reodor Felgen artige utfordringar som held liv i Flåklypa-universet. Solans store draum om måneferd kan gå i oppfylling, og Ludvig engstar seg som vanleg. Byråkratar skal verta den største utfordringa, viser det seg.
For alle
Byråkrat og astronaut Vigfus Skonken verkar som ei noko forvirrande blanding av kapitalistskurk og kommunistarketype, og ordførar enkefru Stengelføhn-Glad kjem i form av ei slags Trude Drevland-avstøyping med nusseleg talefeil. Begge bidreg til å gjera Flåklypa endå meir fargerik. På særs vellukka vis har dei spunne vidare på mediedekninga, både i det vilt sjølvhøgtidlege nyheitsankeret på riks-TV og vidareføringa av Flåklypas eigen avisredaktør. Det er morosamt, og ein fin måte å halda trådane samla på. Det gjer også at noko av det som fort kan bli påteke nostalgisk, altså dette vesle bygdesamfunnet som tilsynelatande er frose fast ein gong i femtiåra, no heng med i tida. I den grad det er viktig for ungane – det gjer det i alle fall festlegare for dei vaksne som òg må gå og sjå filmen.
Meir att
Kjell Aukrusts opphavlege avisspalte «Flåklypa Tidende» var aldri meint for ungar. Det burde likevel ikkje overraska at det vert barnevenleg film av rollefigurar som freidige skjorer, engstelege piggsvin og trauste, men supersmarte oppfinnarar. At dei framleis klarar å halda det sjarmerande og morosamt når dei snurrar i gang nok ein film, er mindre opplagt. Dokkefilmen til Ivo Caprino frå 1975 har lenge hatt kultstatus, men det er gledeleg å sjå at Qvisten produksjonsselskap held koken med både manus, regi, musikk og generell gjennomføring. Dei to førre Flåklypa-filmane var også god underhaldning, men denne siste er kanskje den eg synest har kome nærast å vera like leiken som Flåklypa Grand Prix. Raketten i seg sjølv og dei mange duppedittane Reodor Felgen styrer med, er ei fryd for augo, og turen i verdsrommet er komplett med valsemusikk av Strauss i beste 2001: En romodyssé-stil. Her har dei ikkje berre køyrt uinspirert på med fungerande mal. Det verkar som det ligg hjartevarme og genuin skaparglede bak Månelyst i Flåklypa.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne filmen er kanskje nærast å vera like leiken som Flåklypa Grand Prix.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?