JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Med kynisme
skal vondt fordrivast

Å grava, opplysa og underhalda er noko regissør Alex Gibney verkeleg kan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alex Gibney er mannen bak dokumentarfilmen om opioidskandalen.

2724
20210514
2724
20210514

Dokumentar

Regi: Alex Gibney

The Crime of the Century

Miniserie HBO

Kring ein halv million amerikanarar har døydd av overdose frå lovleg utskrivne smertestillande medisinar sidan 2000. Då er det gjerne på tide å gå den mektige legemiddelindustrien etter i saumane – og håpa på at han kanskje for ein gongs skuld vert stilt til ansvar.

Gibney

Den mykje omtala opioidkrisa har lenge vore eit fenomen knytt til USA, men som Dag og Tids Per Anders Todal kunne visa her i avisa for eit par veker sidan, er ikkje Noreg uskuldsreint lenger. Me høyrer berre ikkje så mykje om det.

Tittelen The Crime of the Century er reine ord for pengane, og det er grunn til å høyra når dokumentaristguru Alex Gibney ropar. Tenk Enron: The Smartest Guys in the Room (2005) eller Going Clear: Scientology and the Prison of Belief (2015), for å nemna eit par. Han har ei utruleg evne til å få folk i tale, folk som er djupt og direkte involverte, som har integritet og torer fortelja, kanskje fordi Gibney har så høg stjerne at det er ei tillitserklæring å stilla opp i hans dokumentarar, i begge retningar.

Særleg gjer det inntrykk å møte dei som har vore seljarar av oksykodon, og som vart serverte ei lykkehistorie om dei lindrande evnene, som dei igjen overtydande prakka på farmasøytar, som igjen leverte ut via legar som skreiv ut reseptar. Og i siste ledd stod ungdom med kneplager som plutseleg skulle få same medisin som døyande kreftpasientar.

Innhaldsrikt

Del éin av denne dokumentaren i to episodar er kanskje mest medrivande, medan del to på mange måtar er mest sjokkerande, då det så tydeleg kjem fram kor godt kjennskap både styresmakter og politikarar må ha hatt til kva som gjekk føre seg.

I The Crime of the Century får du historia heilt frå oppdaginga av opiumsvalmuane og fram til pasientar som sjølve blir produsentar og sel på svartebørsen i Breaking Bad-stil. Korleis kunne eit så potent rusmiddel seljast legitimt over disk i sånne kvanta?

Teorien om at smerteterskelen vår er så låg at det skal ingenting til før vi vil prøva å lindra, er interessant. Til og med nokre av slemmingane som har tent seg rike på dette, klarar å sjå kor ille utviklinga har vorte. Det er ein raus og lur innfallsvinkel å ta for seg eit par av desse for å visa at også dei ein gong var unge og ukorrumperte, at dei også har kjensler, at alle kan bli forførte av pengar.

Og så er det trygg avstand til USA, sjølv om me altså ikkje går klar her heime heller. Såleis kan Alex Gibneys siste djupdykk sjåast med forsiktig skadefryd, slik dei ofte kan.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kultur­arbeidar og fast filmmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis