Matrix Resirkulert
Kan den nye Matrix-filmen ha same effekt som før når effektane er dei same?
Carrie-Anne Moss og Keanu Reeves spelar hovudrollene som Trinity og Neo.
Foto: SF Studios
Science fiction, action
Regi: Lana Wachowski
The Matrix Resurrections
Med: Keanu Reeves, Carrie-Anne Moss, Yahya Abdul-Mateen II, Neil Patrick Harris
Kinofilm
Var alt ein draum likevel? Thomas/Neo (Reeves) jobbar som spelutviklar når han nok ein gong byrjar få beskjedar han ikkje kan ignorera, endå psykologen hans (Harris) fortel han at alt er fantasi. Men så dukkar Trinity (Moss) opp på ein kafé og Morpheus (Abdul-Mateen) på do.
Transformasjon
Eg hadde ikkje tenkt å sjå The Matrix Resurrections, og eg kjem ikkje til å sjå dei mange oppfølgjarane som no garantert er i emning etter at Neo har stått opp frå dei døde. Det er ganske komisk korleis filmskaparane heilt direkte viser til seg sjølv som underhaldningsfranchise. «Our beloved parent company, Warner Brothers, has decided to make a sequel to the trilogy», seier sjefen direkte til Thomas. Det må vera den mest red pill-aktige augeblinken for min del. Og for dei uinnvigde: Redpilling har vorte eit omgrep som enkelt forklart har med å skjøna korleis verda heng saman, å sjå bak sløret, å gjere.
Den opphavlege The Matrix (1999) har hatt ein effekt på alt frå antifeministiske konspirasjonsteoretikarar til djupt engstelege miljøvernarar, og som hersketeknikk på begge sider. Det må vera særs underleg for ein del fans i fyrstnemnde gruppe at regissør- og filmskaparparet kreditert «The Wachowski brothers» no begge har gjennomgått kjønnskorrigerande operasjonar og i dag er syskena Wachowski.
For dei mange transpersonane som såg filmen og tenkte at dette måtte vera ein transmetafor: Det fekk dei rett i. Men The Matrix-universet er ute av kontroll, både i røynda og på film, og det kjem til å fortsetja å verta fortolka i alle retningar om regissøren aldri så mykje heiter Lana Wachowski, ikkje Larry.
Lite effektivt
Om eg ikkje vart noko stor Matrix-tilhengar i 1999, så blir eg det heller ikkje i 2022. Det må sitta enormt mange skuffa fans rundt om på kinoseta: Dei trudde dei ville ha meir, men oppdagar at dette i stor grad er retrospektivt oppgulp og ei opning for at storkapitalen (Warner Bros) kan casha inn på gamle merittar.
Det mest overraskande er kor lite som er satsa på nye spesialeffektar – ja, det var stilig å sjå Keanu dukka for kulene for tjue år sidan, men kunne dei ikkje kome opp med noko anna i dag? Det finst grenser for kor hakeslepp ein får av actionscener i saktefilm i dag. Apropos action, så er det fleire forvirrande dialogar og tilbakeblikk enn stilige slåstscener og overveldande effektar her. Det mest interessante med The Matrix Resurrections blir slik sett kva den gamle fanklubben måtte meina. Eg tek med meg resten av popcornet og scrollar kommentarfelta på Reddit, tenkjer eg!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.