Mare nostrum
Matteo Garrone tyr til klassisk epos for å skildre den store reisa frå Senegal til Italia.
Seydou Sarr spelar hovudrolla i filmen om to søskenbarn som forlèt Dakar med Europa som mål.
Foto: Greta de Lazzaris / AS Fidalgo
Drama
Regi: Matteo
Garrone
Io capitano
Med: Seydou Sarr, Moustapha Fall, Issaka Sawagodo
Kinofilm
Sekstenåringen Seydou (Sarr) bur med systrene og mora i Dakar i Senegal. Han lir inga naud. Saman med fetteren Moussa (Fall) arbeider han om dagen og spelar musikk om kvelden. Dei to har ein draum om å bli stjerner i Europa. Mot viljen til mora stikk dei av. Ingen skal seie at dei ikkje blei åtvara.
Reiserutene
Turen har mange kjende delar. Falske pass, korrupte politifolk, omsynslause menneskesmuglarar, væpna bandar, lik i sanddyner, språkforvirring, rettsløyse. På veg til Italia lyt ein krysse Sahara gjennom Mali og Niger til Libya. Etter at vi bomba landet, er det inga overrasking at tortur og slaveri er med i Io capitano. Det seier sitt når nokon i Tripoli seier: «Dei tar ikkje inn svarte på sjukehuset.»
Regissør Matteo Garrone går grundig til verks. Utanom eit par fint komponerte draumescener dominerer dramatisk realisme. Mange filmar har skildra skakande historier i same sjanger. Draumane hjå Mati Diop i poetiske Atlantique (2019) frå Senegal er meir original. Landsmannen Moussa Touré skildra sjøvegen til Kanariøyane stramt i La Pirogue (2012).
I italiensk film ligg rastlaust glitrande Mediterranea (2015) av Jonas Carpignano tettast på, men med mest handling i Italia. Garrone går for eit etapperitt om heile reisa, med fleire fasettar. Tonane til Andrea Farri set rytmen i tradisjonen etter tuaregrockarane i Tinariwen. Ifølge Farri er filmen dels Pinocchio, dels Odysseen. Det er ikkje feil. Den episke reisa til vårt Schengen-hav er ein odyssé. Hindera kjem, det eine etter det andre. Verda vekslar mellom vondske og samhald.
Io Capitano (forfilm)
Gutar og menn
Seydou Sarr spelar hovudrolla med ope, naivt og barnleg uttrykk. Det verkar som om han veks i rolla, slik figuren hans veks av sterke erfaringar. Ein gut kan bli til ein redningsmann. Ungdommen vann prisen for beste unge skodespelar på filmfestivalen i Venezia. Garrone vann Sølvløva for regi og blei nominert til Oscar for beste internasjonale film. Han har stødig hand på ei klassisk historie som famnar breitt, og får fram lagnaden til folk som ofte er gøymde i statistikkar og strategiar om å halde folk att på andre sida av havet.
Garrone imponerte med brutal realisme i Gomorrah (2008), underheldt med vill fantasi i Tale of Tales (2015) og slo til med grovkorna drama i Dogman (2018). Pinocchio (2019) var fantastisk. Io capitano er korkje den beste filmen til Garrone eller den beste filmen om migrasjon frå Vest-Afrika til Europa, men han er både god og vakker. Filmskaparen skapar sympati og forståing med tilgjengeleg og engasjerande stil. Ei klassisk middelhavsoppskrift er kanskje ikkje feil for eit stadig brennheitt tema.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.