Film

Livets jord

Minari viser med kjærleg, kritisk blikk at å vera unik er universelt.

Steven Yeun, Alan S. Kim, Yuh-Jung Youn, Yeri Han og Noel Cho spelar den koreanske familien som prøver å tilpasse seg livet i USA.
Steven Yeun, Alan S. Kim, Yuh-Jung Youn, Yeri Han og Noel Cho spelar den koreanske familien som prøver å tilpasse seg livet i USA.
Publisert

Det er åttitalet, og det unge, koreanske ekteparet Jacob (Yeun) og Monica (Han) har emigrert til USA i håp om eit betre økonomisk liv. Den vesale campingvognhytta Jacob har skaffa dei for å starta grønsaksgard, er ikkje det Monica såg for seg til den vesle familien. For å letta på stemninga og byrda får dei over mormor (Youn) frå gamlelandet.

Ukjende

Eg merkar at Minari ikkje er så lett å oppsummera som eg i utgangspunktet tenkte. På eit vis er filmen ei rett fram historie om jakta på draumelivet, som om det nokosinne er rett fram.

Minari er basert på erfaringane regissør Lee Isaac Chung har frå oppveksten som innvandrarson i Arkansas. Kameraet er for det aller meste retta mot familien og særleg den vesle sonen David (Kim), og det er forfriskande å sjå scener frå til dømes gudstenesta dei går i.

Utan å snakka særleg engelsk vil me oftast oppfatta den asiatiske familien som dei ukjende, mens her er det snudd på hovudet, utan å latterleggjera dei kvite amerikanarane, sjølv om det er dei her som er «dei framande». Jacob og Monica (anglifiserte og tilpassa namn) jobbar på eit klekkeri, og gleda over å møta andre koreanarar som forstår både språket og bakgrunnen deira, er lett å identifisera seg med.

Nyansane

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement