JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Livets harde barneskule

Ukjent landskap famnar dei store spørsmåla i ei usedvanleg vakker ramme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maria og Nik flyttar til eit gardsbruk saman med fire barn som får heimeskule og lever tett på naturen.

Maria og Nik flyttar til eit gardsbruk saman med fire barn som får heimeskule og lever tett på naturen.

Foto: A5 Film

3127
20240405
3127
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Dokumentar

Regi: Silje Evensmo Jacobsen

Ukjent landskap

Med: Nik, Freja, Ronja, Falk og Ulv – og Maria Gros Vatne
Kinofilm

Ute på eit idyllisk gardsbruk ein stad nær Kongsberg bur Nik, Maria og fire barn som får heimeskule og ein oppvekst tett på naturen, ulikt dei fleste andre i den alderen. Då Maria får kreft og døyr, er det opp til Nik å vidareføra livet dei hadde saman. Men det livet, det er borte, på så mange måtar.

Ronja Mariadotter

Draumen om livet på landet er sterk i mange – den gode tanken på å koma seg ut av det halsande A4-livet med barnehage, skule, SFO, jobb åtte til fire, FAU-møte, dugnad i burettslaget, kø på bussen, kø butikken, kø kø kø. Det toppar ikkje lenger søkjelista, men «småbruk» har lenge vore heilt i teten med over ein halv million søk på Finn.no.

Dei færraste tek likevel steget, slik som familien i Ukjent landskap. Fotograf og mamma Maria har fanga augeblikk som kunne gått rett inn under endelause emnetaggar på Instagram. Men viss det er éin ting det ikkje er teke takhøgde for i det koselege gardshuset, der det er høgt under taket, så er det sosiale medium og skjermtid.

Dei tre yngste ungane spring rundt med skitne fjes, flagrande hår og skinande auge mens dei brukar øks og kniv som om det var for, vel, berre kanskje to generasjonar sidan. Ronja, som Maria hadde frå før ho trefte Nik, er midt i tenåra, og det er kanskje ikkje før ungane når ein viss alder, problemet med at verda eksisterer utanfor garden, verkeleg viser seg. Og særleg når ein går frå to omsorgspersonar til éin.

Ukjent landskap (forfilm)

«Ukjent landskap er verkeleg ein god tittel på ein svært god dokumentar.»

Kafantastiske Nik

At filmen vann juryprisen på velrenommerte Sundance filmfestival, er absolutt fortent og forståeleg, særleg sidan han er ein slags ekte Captain Fantastic (2016), spelefilmen der Viggo Mortensen spelar sjølvbergarfar som må oppdra ungane etter at mora døyr.

Regissør, produsent og filmfotograf Silje Evensmo Jacobsen har kome usedvanleg tett på intervjuobjekta sine. Når det er sagt, det kjennest ikkje som intervju, meir som å vera til stades når ting blir sagt, og at samtalar har vorte filma – det kjennest saumlaust og heilt fritt for forteljarstemmer og forklarande tekstar.

Det såraste er kanskje å følgja Ronja, som kjenner seg som skårungen, og kor enormt tomt det blir for henne då mor ikkje er der lenger. Ho flyttar inn med far sin, og dei åra me fylgjer dei, treffer Ronja si reise frå ung ungdom til vaksen ungdom sånn at det gjer vondt. Det er ikkje ein konkurranse i å ha det vondast, men altså pappa Nik... Her er så mange nivå av smerte, fortviling, sakn – det var ikkje sånn livet skulle bli! Heimlengten til England hjelper heller ikkje.

Ukjent landskap er verkeleg ein god tittel på ein svært god dokumentar som evnar å løfta blikket utan at minnet om Maria blir gjort mindre viktig. Kva anna skal ein gjera enn å leva vidare? Av og til er dette kanskje det tristaste av alt.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis