Datasenter
– Vi må spørje kva vi får att
Datasenterveksten i Noreg kan utfordre straumprisar, straumnett og tradisjonell industri. – Noreg står ved eit vegskilje, seier Sverre Gotaas i Teknologirådet.
Mellom Hamar og Løten har det israelskeigde selskapet Green Mountain opna dei fyrste av fem dataserverhallar for kinesiske TikTok. I full drift vil senteret kunne ha eit straumforbruk som svarar til mellom 60.000 og 70.000 bustader.
Foto: Green Mountain
I Sirdal kommune i Agder jobbar britiskeigde GreenScale for å byggje Tonstad datapark, med fire datahallar på til saman 26.000 kvadratmeter utover eit samla område så stort som 22 fotballbanar.
Dataparken skal ifølgje nettsidene til GreenScale tene nokre få, kjende teknologiselskap som leverer søkjetenester, skylagring, kommunikasjon og kunstig intelligens, og han har reservert nettkapasitet til 300 megawatt kraft. Det svarar til straumforbruket til rundt 150.000 bustader og vil gjere datasenteret til Noregs største.
300 megawatt er elles meir enn det dobbelte av det som var samla datasenterkapasitet i Noreg berre sju år tilbake i tid.
Merkelappen «Noregs største» er flyktig i datasentersamanheng for tida, for dei siste åra har det dukka opp stadig nye datasenterplanar og -etableringar rundt om i landet.
Utanfor Skien skal fyrste fasen av eit stort datasenter eigd av Google snart stå klart. Det har fått tildelt 230 megawatt nettkapasitet så langt, men Google melde opphavleg inn eit straumbehov på 860 megawatt for anlegget.
Utanfor Narvik har Aker-konsernet gått saman med Nscale og Open AI om å byggje datasenter for kunstig intelligens. Det vil i fyrste omgang ha ein kapasitet på 230 megawatt, men ønskjer seinare å utvide til meir enn det dobbelte, ifølgje Finansavisen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.