Frå sjakkverda
Amerikanske tragediar
Daniel Naroditsky var ein av dei mest populære sjakkpersonlegdomane på internettet, med millionar av fans.
Foto: Michal Walusza / Fide
Eit irriterande populært tema er «sjakk og galskap». Om det er ein korrelasjon, er sjakken utan skuld. Kan henda appellerer sjakkspelet i ei viss grad til personar med ulike diagnosar. Sjakkmiljøet er vanlegvis inkluderande, så dei som skil seg ut i mengda, kan trivast i sjakk-klubben.
I Sovjetunionen, der sjakk var eit naturleg innslag i kvardagen, var sjakkspelarane ikkje annleis enn akademikarar, kunstnarar og idrettsutøvarar. I USA, eit land med svake sjakkinstitusjonar, men ei handfull sjakkgeni, er det derimot påfallande mange tragediar.
Det byrja med det romantiske geniet Paul Morphy (1837–1884). Han vart øydelagd og deprimert av at sjakk i Koko-Amerika vart sett på som ei synd på line med gambling. Den fyrste offisielle verdsmeisteren, austerrisk-amerikanske Wilhelm Steinitz (1836–1900), enda livet på asylet, der han berre aksepterte utfordringar på sjakkbrettet direkte frå Gud.
Minnegeniet Harry Nelson Pillsbury (1872–1906) fekk òg psykiske problem. Historia til Bobby Fischer (1943–2008) er så godt kjend at ho i populærkulturen vert identifisert med myten om den galne sjakkspelaren. Mindre kjend er Peter Winston (1958–1978) frå New York. Som femåring vart han genierklært i pressa av ein psykolog. Han hoppa av skulen då han var åtte år gamal, men fann glede i sjakken, trass i at faren var skeptisk. Han ville at sonen skulle satsa på matematikk. Som 14-åring, i 1972 då Fischer vart verdsmeister, vann Winston sensasjonelt mot stormeister Walter Brown.
Men i 1977 tapte han alle partia sine i ei amatørturnering. Winston skulda på medisineringa han fekk som manisk depressiv. Året etter, som 19-åring, forsvann han og vart aldri funnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.