Profil
Utanriksministeren i røyken
I desse dagar når den danske utanriksministeren uvande høgder på den storpolitiske arenaen. Elles ser den politiske karrieren til Lars Løkke Rasmussen ut som eit hjartekardiogram under infarkt.
– Røyker ein pipe, tar ein seg godt ut, meiner den tidlegare pressesekretæren i Det kvite huset, Dana Perino. På det punktet er utanriksminister Lars Løkke Rasmussen einig. Her er han og hans grønlandske kollega Vivian Motzfeldt på veg ut frå den danske ambassaden for å møte den frykta visepresidenten J.D. Vance 14. januar i år.
Foto: Mads Claus Rasmussen/Ritzau Scanpix / NTB
I det politiske talkshowet The Five på TV-kanalen Fox News torsdag førre veke var Grønland tema, og i panelet av harselerande og brautande deltakarar sat mellom andre komikaren Greg Gutfeld og den tidlegare pressesekretæren i Det kvite huset, Dana Perino.
Dei fem ser på eit nyheitsinnslag der utanriksminister Lars Løkke Rasmussen småspring ut frå Eisenhower Executive Office Building etter møtet med visepresident J.D. Vance.
– Sjå på den fyren!
– Kven er det? spør Gutfeld.
– Det er han fyren frå Danmark! seier programleiaren.
– Er det ikkje ei sikkerheitsvakt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.