Livet og levemannen
Det hadde ikkje skadd om Marianne & Leonard: Words of Love kunne handla endå meir om Marianne.
Marianne Ihlen og Leonard Cohen møttest på den greske øya Hydra.
Foto: Babis More
Dokumentar
Regi: Nick Broomfield
Marianne & Leonard: Words of Love
Med: Leonard Cohen, Marianne Ihlen, hippiekjendisar
I 1960 reiste Marianne Ihlen og ektemannen Axel Jensen til øya Hydra utanfor Hellas saman med den vesle sonen sin. Her var også Leonard Cohen, på denne tida ei strevande forfattarspire utan musikarplanar. Fri kjærleik førte til frie forhold, men også slike forhold kan vara livet ut.
Nick Herzog
Nordmenn elskar melankolsk deppemusikk, og ypparstepresten her er Leonard Cohen. At han hadde ein norsk kjærast, er kjent for mange, då historia alt er nydeleg presentert i NRK-radiodokumentaren So long, Marianne og boka med same namn, begge av Kari Hesthamar. Marianne Ihlen var visstnok ikkje særs hypp på å snakka om den eksotiske fortida si, men så er regissør Nick Broomfield ein gamal elskar og ven frå tida hennar på Hydra. Han fyren har vore ute nokre sommardagar før! Måten han formidlar stoffet på i dokumentarane sine, og dei er det vorte ein del av, minner litt om Werner Herzog – han insisterer sjølv på å vera del av historia, utan at det verkar særskilt engasjert eller av stor relevans, utanom at han var der, han òg. Om ikkje anna enn gjennom den slepande forteljarstemma, også den underleg lik Herzogs (og dermed i mi bok: irriterande). Verre er det at det verkar som han har jobba noko lettvint med materialet sitt. Det same gjaldt førre filmen, Whitney: Can I Be Me, der han har eit oppkome av arkivstoff frå livet til Whitney Houston og likevel klarar å laga ein ganske så midt på treet og til tider uinspirert film om eit spektakulært liv. Diverre gjentek han til tider denne formelen i den siste filmen sin.
Fotoalbumet
Også i Marianne & Leonard: Words of Love glimrar det i arkivgull, både private opptak av Marianne og sonen Axel junior i solskin og salt vind, og ymse kjende musikarar i allslags positurar i dei svingande sekstiåra. Samansetjinga er likevel ufokusert. Det er klart ein har meir stoff på Cohen enn på Ihlen, men noko strammare redigering ville styrkt filmen, sjølv om det hadde betydd mindre trivia om livet til Cohen. Likevel er det sjølvsagt underhaldande, slik det er underhaldande å lesa sladderblad av og til. Eit par av intervjuobjekta, særleg enka etter poet Irving Layton, Aviva, er reine ryktespekulanten når det gjeld dametekket til Cohen, noko som gjev litt emmen smak i munnen. Den som kjem heldigast ut av det heile, er jordnære, ærlege Marianne Ihlen. «Eg skjønte ikkje bæret av det», seier ho om boka Skjønne tapere, som Cohen gav ut i 1966, før karrieren som musikar hadde starta. Ho er herleg rett fram og ujålete. Samstundes lyt ho svara for å ha teke sonen med til eit miljø lite eigna for å oppdra ungar, noko tidsånda gjennomgåande får skulda for. For min del kunne det handla langt meir om Marianne, sjølv om eg har stor sans for Leonard Cohen. Så med to slike fascinerande storleikar kan aldri filmen verta uinteressant. Det blir som å sjå i eit fotoalbum. Bileta er fantastiske, men den som sit og blar for oss og fortel, kunne vore ein annan.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den som kjem heldigast ut av det heile, er jordnære, ærlege Marianne Ihlen.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?