JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Livet i navlen

Filmskapar Ole Giæver held fram med å laga film om yndlingstemaet: seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein familiemiddag heime hos filmskapar Ole Giæver.

Foto frå filmen

2989
20170630
2989
20170630

Hybrid (drama/dokumentar)

Regi: Ole Giæver

Fra balkongen

Med: Ole Giæver, familien hans, Trine Wiggen

Fra balkongen kan absolutt kallast ein oppfølgjar til Mot naturen (2014), sjølv om Giæver, då lett forkledd, for ikkje å seia lett påkledd, kalla seg Martin i staden for Ole. Der han sist sprang rundt i skog og fjell og fortalde om mange tankar, har han no forflytta seg til balkongen på Bjølsen i Oslo, der han opptrer under eige namn. Kva er meininga med livet? undrar han seg, medan han drikk te og tenkjer tilbake på oppveksten i Tromsø og alt han har gjort mellom sin eigen fødsel og fødslane til ungane.

Ring, ring

Kvar minste krik og krok av navlen er interessant for Ole Giæver. Han køyrer på med utlevering av eigne banale tankar på eit beundringsverdig skamlaust vis. Han insisterer på kor lite glad han er i å prata, samstundes som han kontinuerleg masar inn i kamera. For det meste fungerer det bra – tankane hans kan nok svært mange kjenna seg att i. Han føler på tidsklemma, at ungane gjer livet både trivielt og meiningsfylt samstundes, og at ein skulle gjort meir for å gjera verda til ein betre stad. Han går på ein underhaldande måte i ring, for så å enda opp der han starta: Ingenting kjem til å endra seg, livet held fram heilt til det sluttar.

Livskrisemannen

Mykje av problemstillingane til Giæver går på kor fastsett han er i konvensjonelle mønster. Likevel går det ikkje lang tid før han nærast hyllar denne normaliteten, medvite eller ikkje. Og oppi all denne funderinga klarar han å legga inn ei merkeleg skildring av stakkarslege einslege som berre treng at nokon held rundt dei. Kvifor han følte for denne smått fornærmande, stereotype innskytinga, stussar eg på. Han er langt betre på å skildra eigen situasjon og sitt eige sjeleliv, både når det gjeld form og med tanke på kva han har belegg for å definera. Han har tydeleg gått gjennom diverse livskrisar, så den noko blodfattige takketalen han deklamerer til kona og familien, kjennest som ein slags lukkeleg resignasjon, og bryt med tvilen han verkar å ha som utgangspunkt for heile filmen.

Eigentid

Filmskaparen freistar å avdekka det universelle gjennom høgst subjektive observasjonar. Med små innslag av animasjon, koreograferte scenar og morosame arkivklypp frå barndommen skapar Giæver mest av alt eit bilete av seg sjølv. Nostalgien han kjenner på, at han vil verta elska bort frå den bristande barndomen, vert forsterka gjennom å sjå barna veksa til og bli eigne sjølvstendige vesen, slik han og broren voks frå foreldra. Eg likar stilen hans, eg likar at han torer blottlegga seg, han dreg det berre ikkje langt nok. Han går mot kanten, kikar ned, ser at det er høgt, men idet han skal til å hoppa, ropar kona og ungane at det er middag.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg likar stilen hans, at han blottlegg seg, han dreg det berre ikkje langt nok.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis