JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Livet i glasburet

Alt Whitney Houston ville, var å dansa med nokon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Whitney Houston var ein formidabel artist med ei tragisk historie.

Foto: Tour de Force

2535
20170623
2535
20170623

Dokumentar

Regi: Nick Broomfield

Whitney: Can I Be Me?

Distribusjon: Tour de Force

Ikkje eingong The Beatles hadde så mange slagerar på rad som Whitney Houston (1963–2012) når det kjem til den vidgjetne Billboard-lista. Då ho entra TV-skjermane live med «The greatest gift of all» i 1985, med plateselskapet Arista trygt i ryggen, var ei stjerne fødd. Befruktinga var kanskje kunstig, men genmaterialet var av purt gull.

TV-kino

Eg har nemnt det før, men gjer det igjen: Eg diggar at sjølv om det ofte held å sjå dokumentarar på dataen, er det alltid best med film på kino. Og Whitney Houston gjer seg godt i stort format. Ho er trass alt ein formidabel artist – med ei formidabel tragisk historie. Og dette er spesialfeltet til dokumentarist Nick Broomfield som har filmar som Kurt & Courtney (1998) og Biggi and Tupac (2002) bak seg. Kjeldene hans er gode, og gjer at ein viss balanse vert halden. Whitney sjølv vil aldri kunna fortelja kva som eigentleg tok livet av henne til slutt, men som det vert sagt i starten: Ho døydde ikkje av overdose, ho døydde av kjærleikssorg. Det verkar ikkje usannsynleg.

Ikkje så lett

Vil rikdom eller ry nokosinne gjera ein lukkeleg? Houston avviser iallfall dette i fleire intervju. Oppvaksen i New Jersey med mora Cissy, sjølv ein prominent songar og dirigent i baptistkyrkja deira, og med eit nært forhold til både faren og brørne, var identiteten hennar trygt forankra i det svarte USA. At Arista valde å selja henne så kvit som råd var, gjorde kanskje uoppretteleg skade tidleg i karrieren. Då publikummet bua under ei prisutdeling i 1989, fekk ho for alvor høyra at ho hadde selt soulsjela si, ein merkelapp ho sleit med å kvitta seg med.

Ikkje veit eg kor mykje som er sant av rykta som florerte om ekteskapeleg vald, utført av mannen hennar, Bobby Brown. Heller ikkje om ho faktisk var bifil og hadde eit forhold til Robyn Crawford, kunstnarleg ansvarleg for Houston-sirkuset. Kanskje det uansett ikkje er så nøye. Ein vert ikkje klokare etter å ha sett filmen, anna enn på at Whitney Houston verkeleg ikkje levde som den prinsessa media lenge prøvde å presentera henne som i starten på karrieren. Heller ikkje så overflatisk som den crackinfiserte, dårlege mora dei valde å fokusere på seinare i livet. Whitney: Can I Be Me? er mest av alt ein hyllest, slik viktige personar får ein biografi og ein dokumentar om livet sitt, verkar det som.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis