Litt tøys, masse chanteuse
Som underhaldningsfilm fungerer Aline heilt ok. Eg er meir usikker på kva fanklubben vil seia.
Regissøren Valérie Lemercier spelar òg hovudrolla som den store songstjerna.
Foto: Jean Marie Leory / SF Studios
Biografisk drama
Regi: Valerie Lemercier
Aline, the Voice of Love
Med: Valérie Lemercier, Sylvain Marcel, Danielle Fichaud
Kinofilm
Det er kan henda ikkje så tillitvekkande at medmanusforfattar, regissør og hovudrolleinnehavar Valérie Lemercier har gått for den lettvinte løysinga å endra namnet Celine Dion til Aline Dieu, men det er kanskje vel så ærleg som å klaska på den velkjente basert på-merkelappen.
Froskemanager
Du kan lika Celine Dion eller ikkje, men historia hennar er som skapt for film – yngst av fjorten barn i ein katolsk arbeidarklasseheim som med hjelp av ein ambisiøs familie og med eit unikt songtalent vert ein av verdas største kjendisar.
Ho vinn minst halve kongeriket med dei patosfylte balladane sine, men prinsen er det verre med: Alt som 12-åring forelskar ho seg i manageren Guy-Claude (eller Rene Angelil, som han heiter i røynda), men det er uhøyrt, sjølv når ho har fylt tjue år, at ho får bli i lag med den korpulente eldre mannen som tilfeldigvis er draumemannen hennar.
Særleg måten dette forholdet er framstilt på i filmen, er til hennar udelte fordel. Elles er det mykje som går i hennar favør generelt, sjølv om det grelle, overdådige huset ho skaffar seg, og den generelt spjåkete stilen ho køyrer, berre kan sementera inntrykket eg har av henne som røyndomsfjern og nyrikharry.
’Allo ’allo
Det mest genuint forstyrrande er likevel det at Valérie Lemercier, med hjelp av sminke og fototriks, spelar Aline både som jentunge og som godt vaksen kvinne – det ser på dårleg norsk freaky ut. Vokalen står Victoria Sio for, noko som fungerer fint for mitt utrente Celine-øyre.
Noko som er mindre godt for øyra, er det som må vera særs overdriven quebecois eller canadisk fransk. Når det kjem fram at Aline vert spelt over høgtalarane i Vatikanet, må alle i familien gjenta «Vøtsjkan! Vøtsjkan?! VØTSJKAN!!!» ’Allo ’allo-alarmen går så det syng etter, men språket er klart brukt som eit verkemiddel for å understreka arbeidarklassebakgrunnen og som komisk element.
Dei har i det minste klart å dy seg for å snakka engelsk med fransk aksent. Alt i alt har Lemercier laga ein sjåverdig film med mykje sympati for objektet sitt, og essensen i historia kjem (over)tydeleg fram: Oskepott finst framleis, og ho appellerer og snakkar breitt.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.