JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Linsemagi

Eg synest du skal unna deg ein tur ut i naturen på næraste kino.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pallaskatten, òg kalla steppekatt, lever på høgtliggjande stepper i Asia, frå Iran til Kina og Mongolia.

Foto: Storytelling Media

2727
20220401
2727
20220401

Dokumentar

Regi: Marie Amiguet, Vincent Munier

Snøleoparden (orig. tittel: La panthère des neiges)

Med: Marie Amiguet, Vincent Munier, Sylvain Tesson
Kinofilm

Væpna til tennene med kamuflasjeutstyr og fotografiapparat vandrar trioen Marie Amiguet, Munier og Sylvain langs Det tibetanske platået på jakt etter den sky snøleoparden. Meir lette å få auge på er dei mange andre vakre dyra som lever utan innblanding frå menneske, som om det var sånn verda skulle vore.

Nasjonalgeografi

Kor ubetydelege er me ikkje eigentleg som art? Det er ikkje små spørsmål som vert stilte oppi dei høge, bratte tibetanske fjella. Kanskje alle burde lura på dette iblant, all den tid me forserer kloden som om han eksisterte berre for at menneska skulle herpa han opp til det ugjenkjennelege.

Utover desse filosoferingane er Snøleoparden for det meste ein film som senkar blodtrykket ditt heller enn å auka det. Rett nok kan synet av ein diger jakokse i brunst som står og stampar og stirar mot kamera, få opp pulsen, men elles er det som å vera på tur med Sverre M. Fjelstad, den gamle Naturmagasinet-ringreven på NRK: ei blanding av låg kommentering av det som skjer, lange sekvensar med venting, og så «Oi! Såg du det?», før telelinsa igjen sveipar over landskapet.

Utstyret er nok nokre hakk kvassare enn i førre tusenåret, noko som gjer at dei franske følgjesveinane våre fangar fascinerande scener mellom anna med eit ventekamera som filmar døgnet rundt. Det er noko spesielt med å observera dyra utan at dei veit om det. Men som Munier seier: Viss det er nokon som vert observerte, så er det han og turfølgjet.

Mjau!

Blåsau, taterfalk, jernspurv, pipehare, pallaskatt – pallaskatt! For eit makelaust dyr! Det ser ut som den lubnaste, søtaste kattepusen, der han tassar prøvande rundt på potane sine, men idet blikket lyfter seg, ser ein – som forteljaren i filmen, Sylvain, seier – at den som prøver å klappa denne kjetta, kan koma til å bøta med livet.

«På fem tusen meters høgde er me berre fjottar», seier stjernefotograf Vincent Munier. Og fotografia hans glitrar verkeleg som stjerner, til liks med filminga til Marie Amiguet. At dei har hanka prisar inn på dette tid- og ressurskrevjande prosjektet, er heilt til å forstå.

Det er ei stor, stor glede at enkelte kinoar ser seg mon i å setja filmen opp, for å sjå Snøleoparden på stort lerret er ganske så spektakulært. Både vaksne og ungar vil kosa seg med denne, og at «jorda stinkar av menneske» som Sylvain seier, det har nok ingen vondt av å tenka litt på.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å sjå Snøleoparden på stort lerret er ganske så spektakulært.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis