JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Les heller ei bok ...

Kan nokon gje bokklubbdamene betre lesestoff om det kjem ein tredje oppfølgjar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei fire veninnene i bokklubben dreg på tur til Roma. Her ved Trevi-fontena.

Foto: Focus Features / Universal

3018
20230818
3018
20230818

Romantisk
komedie

Regi: Bill Holderman

Book Club – The Next Chapter

Med: Jane Fonda, Mary Steenburgen, Candice Bergen, Diane Keaton
Kinofilm

Dei gamle veninnene frå Book Club (2018) er tilbake – dei har overlevd pandemien, takka vera kvarandre og bokklubben. No skal dei ta igjen alt det tapte, og kva er då betre enn å reisa på ferie utanlands? Særleg når høvet er at evigsingle Vivian omsider skal gifta seg.

Gull til gråstein

Førre bok som fekk styra handlinga, var 50 Shades of Grey – noko som sette dei godt vaksne underliva i sving som berre husmorporno kan. Denne gongen er det verre: Den absurd flosklete liksomfilosofiske boka Alkymisten av brasilianske Paolo Coelho skal no vera leiestjerna.

Om eg hadde eit snev av godvilje i forkant, sidan det er noko sjeldan vare at eldre kvinner er portretterte på film i så stor grad, så blir den feia vekk i det Coelhos «visdomsord» dukkar opp i introen. Uansett klarar filmen fint å stadfesta fordommane mine utan at eg tyr til hets av yndlingsforfattaren til millionar av folk.

Om eg synest førre filmen var trist oppgulp på Viagra, så er oppfølgjaren berre meir av same sorten. Kan det ha noko å seia at manusforfattarane og regissøren er i midten av førtiåra? Det verkar intenst krampaktig at desse damene, alle pluss 70 og 80 år gamle, må vera så ungdommelege. Eller rettare sagt: at det å oppføra seg som ein svimete, kåt og bortskjemd tenåring er noko å streva etter resten av livet.

Vi (skrump)lever!

Viss du saknar det nordnorske grisevitsprogrammet «Du skal høre mye», vil eg på ein måte tilrå ein tur på kino for å sjå Book Club: The Next Chapter. Double entendre-replikkane sit lausare enn trusene på ein Elvis-konsert, noko dei fire 70 pluss-damene sikkert har god erfaring med.

«You should see his cucina. I bet it’s big.» Det er sjølvsagt eit kjøken dei siktar til. Knegg, knegg. Dei er trass alt i Italia, landet der ein aldri blir for gamal til å vitsa om store meat balls og om dei får plass i munnen. Dei har liksom ingen sperrer, desse kvinnfolka frå livets overprivilegerte landeveg.

Det at presten høyrer banninga frå andre enden, er det som liksom er flautt, ikkje at dei plagar andre med å ha telefonen på høgtalar inne i ei kyrkje. At dei får all bagasjen sin stolen, gjer ingenting – dei har jo forsikring! Det viktigaste er å la Paolo Coelho føra dei ut på nye eventyr, kosta kva det kosta vil.

Så lenge det er vin nok å styrta, blir det nok ei råd med det! Av og til kan slike lettvinte romantiske komediar hamna i guilty pleasures-kateogorien, men denne har for lite pleasure og for mykje pine til å passera.

Eg trur det er meininga at filmen skal bidra til alderspositivisme, men dette er ei bjørneteneste utan like. Sjølv om damene sjølve håpar på å koma igjen og igjen (blunkefjes), så trengst det ikkje fleire oppfølgjarar no.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar
ArildBye

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis