Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Drama
Regi: Dag Johan Haugerud
Kjærlighet
Med: Andrea Bræin Hovig, Tayo Cittadella Jacobsen, Lars Jacob Holm, Morten Svartveit
Premiere på kino 25. desember
To kollegaar, legen Marianne (Hovig) og sjukepleiaren Tor (Jacobsen), treffest tilfeldigvis på ferja til Nesodden og kjem i prat. Dei er begge utan partnar, men med sine eigne tankar om kjærleiken og kva dei gjer om han dukkar opp.
Så er det akkurat det han kanskje gjer, mens ferja og livet går sin gang.
Kjærleikens ferjereiser
Ein må vera relativt uinteressert i film om ein ikkje har fått med seg at regissør Dag Johan Haugerud har hatt heile tre filmar på kino i år. Sex kom i vår, Drømmer i haust, og no i jula kjem siste del av trilogien, Kjærlighet.
Eg er begeistra. Filmfotograf Cecilie Semec maktar gje dei tre filmane ulike uttrykk, samtidig som dei heng saman estetisk. Oslo ser både eksotisk og kjent ut på same tid, sett frå ferjeperspektiv, fjorden ser frisk og innbydande ut, og kanskje nettopp dette med vatnet og båten gjer at hovudstaden framstår som mindre jålete, meir ekte.
Tittelen siktar gjerne like mykje til kjærleiken filmskapar Haugerud har for byen, som til den kjøtlege jakta. Oslo og kjærleik med litt perspektiv er ei heldig blanding.
Genuint gode
Både Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen har spelt i andre Haugerud-filmar, sistnemnde berre ei lita rolle i Barn. At han har fått større plass på lerretet, er velfortent. I rolla som den fridomselskande sjukepleiaren Tor slentrar han over ferja og sjukehusgolva, sjølvsikker og sårbar, som om han aldri hadde gjort noko anna.
Filmane til Haugerud er alltid realistiske, men med ei evne til å løfta fram det som i dei fleste sitt liv er meir ekstraordinært, om så berre små situasjonar eller møte mellom menneske. Dette gjer filmane hans underhaldande fyrst og fremst, og så har dei eit bodskap om omtanke som verkar oppriktig og ektefølt. Akkurat slik eg nok ein gong må seia høgt kor høgt eg set pris på filmane hans – nok ein gong, oppriktig og ektefølt.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.