JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Lebensraum under pergolaen

Av og til er det naudsynt å bruka orda «sterk» og «skakande».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kommandant Rudolf Höss og kona Hedwig strevar etter å byggje opp eit draumeliv for seg og familien i ein villa med stor hage, og konsentrasjonsleiren Auschwitz som næraste nabo.

Foto: A24 / Access Entertainment / FILM4

3419
20240126
3419
20240126

Drama

Regi: Jonathan Glazer

The Zone of Interest

Med: Christian Friedel, Sandra Hüller, Freya Kreutzkam
Kinofilm

Frå 1940 til 1943 var Rudolf Höss (Friedel) tilsett som kommandant i konsentrasjonsleiren Auschwitz, der han hadde hovudansvaret for utrydding av jødar. Han og kona Hedwig (Hüller) og fem ungar bur i ein flott villa med tenestefolk, vegg i vegg med leiren. Der går dagane sin vande gang, sjølv om dei har utfordringar som familiar flest. Huff.

Sjølvpisk

Regissør Jonathan Glazer spyr ikkje ut filmar, og når han omsider kjem med ein ny, er det ikkje lett å føreseia kva stil og tema han tek for seg. Engelskmannen stod for ein av mine favorittar på tidleg 2000-tal, gangsterfilmen Sexy Beast (2000), og eg såg nyleg Under the skin (2013) – ein slags alienthriller av overnaturleg karakter, så ulik den før nemnde at eg aldri ville gjetta det var same opphavsperson.

Og så kjem altså dette rolege, historiske dramaet, basert på ei historie av Martin Amis, rett nok med gjenkjennelege grafiske og musikalske grep. Under the skin var tydeleg ein metafor for framandgjering og utanforskap, på same måte som The Zone of Interest tydeleg symboliserer kva menneska er villige til å sjå gjennom fingrane med. Filmen baserer seg på historiske personar, men handlar det ikkje eigentleg om oss sjølve? Det vrir seg i magen av tanken.

«Går det an å få ein knyttneve i magen i sakte film?»

Kvardagsnazisten

Også nazistane var gode foreldre, eller tenkte at det var slitsamt å flytta heim når ein hadde slått seg ned ein plass, eller følte frustrasjon over å skifta jobb når dei meistra den dei hadde.

Psykopatar i barndomen plagar gjerne dyr, men Hitler elska hunden sin, også Rudolf i filmen elskar dyr. Det er liksom noko forsonande i at ein er glad i dyr, då har ein utvikla empati. Kva skjer når menneske blir rekna som mindre viktige enn dyr? Dehumanisering er kanskje det farlegaste eit menneske kan stå overfor. Når Rudolf forhandlar om krematorieomnar, blir kroppane omtala som «ladningar», det heile dreiar seg om betre yting og effektivisering.

Og kva gjer mor og kona Hedwig oppi alt dette? Ho ordnar i huset, kommanderer tenestefolka rundt og kosar seg i hagen som ho sjølv har planlagt. I bakgrunnen høyrest geværskot og skrik, akkurat lågt nok til å ikkje forstyrra idyllen.

Banial

Er The Zone of Interest genial eller banal? Du skal vera god for å ikkje tenka på Arnulf Øverland sine ord om å ikkje tola så inderleg vel. Det handlar nok ikkje om 1-prosenten i verda, dei som er så rike at dei kan kjøpa seg vekk frå alle suter og sorger, sjølv om eg helst vil at det er dei regissør Glazer meiner.

Og særleg Sandra Hüller i rolla som Hedwig balanserer godt det smålege og likevel forståelege i det å ha kome frå små kår til endeleg å få ein del av kaka, kor langt inne det sit å skulla gje det frå seg.

Går det an å få ein knyttneve i magen i sakte film? Det blir ikkje trykt på dei store kjenslemessige knappane, lydsporet får ikkje tårene til å strøyma – det er heilskapen og det ekkelt menneskelege som skakar mest. Eg kan jo håpa på at det kjem ei røys briljante filmar i 2024, men det vil overraska meg om dei kjem til å vippa The Zone of Interest ut av topp ti-lista, for å seia det slik. For ein film!

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast film­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis