Film

Lakenskrekk

Lee treng ikkje tilføra komikk når historia er som teken frå forviklingsmanusbunken.

Ron Stallworth (Washington) infiltrerer Ku Klux Klan. Patrice (Harrier) til venstre.
Ron Stallworth (Washington) infiltrerer Ku Klux Klan. Patrice (Harrier) til venstre.
Publisert

I Colorado Springs på slutten av syttitalet fanst ingen andre svarte politimenn då Ron Stallworth (Washington) melde seg til teneste. Etter kort tid blir han overført til etterretningstenesta, der fyrste jobben er å gå med sivile klede i eit Black Power-møte. Han synest det verkar meir interessant å sjekka kva den lokale avdelinga av Ku Klux Klan driv med, og over telefonen gjev han seg ut for å vera ein kvit mann som gjerne vil melda seg inn. Fascinerande nok er dette faktisk basert på ei sann historie – det gjer nok at filmen vert ekstra interessant.

All makt til nokre

Gode Spike Lee har heilt sidan den fabelaktige debuten Do the Right Thing (1989) ikkje vore redd for å dra fram rasisme i USA, utan å legga noko mellom. Og det trengst framleis, det er det ingen grunn til å lura på. Parallellane i BlacKkKlansman og dagens kvit makt-rørsle skulle eg gjerne sett var vanskelegare å trekka. Kanskje det er grunnen til at filmen ikkje er så lett å le av som det eg hadde venta? Det er sjølvsagt komisk at ein svart mann infiltrerer Ku Klux Klan, og ja, gjengen i lokallaget er latterlege. Men det at desse sjølvutnemnde ariske representantane i samfunnet føler seg overlegne alle med annan hudfarge eller jødisk bakgrunn, er eigentleg aldeles til å verta vettskremt av. Dei elleville konspirasjonsteoriane som regjerer innanfor Ku Klux Klan-gjengen, er rett ut spinn hakkande galne. At dei framleis har gehør i enkelte miljø i dag, er meir som ein skrekkfilm enn ein komedie.

Snikappellering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement