JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Lågmælt tragedie

Tapt barndom vekkjer ikkje valdsame kjensler, anna enn i premissen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tolv år gamle Dalva (Zelda Samson) bur åleine saman med far sin. Ein kveld blir ho henta av politiet og flytta til ein ungdomsinstitusjon.

Foto: Storytelling

2543
20231117
2543
20231117

Drama

Regi: Emmanuelle Nicot

Tapt barndom (Orig. tittel: Dalva)

Med: Zelda Samson, Alexis Manenti, Fanta Guirassy
Kinofilm

I ein dramatisk politiaksjon blir tolv år gamle Dalva (Samson) teken frå faren og heimen og flytta over på ein ungdomsinstitusjon. Ho nektar hardnakka for at han har gjort overgrep mot henne, men det overtyder ingen, inkludert ungdomsarbeidar Jayden (Manenti).

På skulen ser dei rart på den nye eleven i dameklede, og det er ikkje all verda støtte å få frå romkamerat Samia (Guirassy).

Ubehageleg

Dalva trippar over golvet, tek seg til håret og rettar på ei hårnål. Den elegante drakta ser totalt malplassert ut på den vesle jenta, og det i seg sjølv er forstyrrande. Eg tenkjer på Jodie Foster og hennar rolle som barnesexarbeidar i Taxi Driver (1976) og same året i Bugsy Malone (1976), der alle skodespelarane er barn som spelar gangsterar.

Eg håpar Zelda Samson har fått betre rettleiing enn det Foster fortel frå Martin Scorseses metode under innspelinga av Taxi Driver... Akkurat det er eg relativt trygg på, for det er noko overraskande lite ubehageleg med Tapt barndom.

Sjølvsagt er tanken på at ein far vil forgripa seg på denne måten, halda barnet sitt isolert for omverda og kle jenta opp i vaksenkle, nærast uuthaldeleg pervers. Premissen er lagd, og regissør Emmanuelle Nicot har nok gått mange rundar for å landa balansen.

Usikker

Det høyrest jo fælt ut å seia, men ho har kanskje landa i tryggaste laget. Ikkje dermed sagt at problemstillingane vert unngått, men det er eit så enormt tema at alt kjennest noko overflatisk. Eg stussar også på ein del tiltak, men dette kan naturlegvis vera kulturforskjellar, og eg kjenner på ingen måte det belgiske barnevernet.

At Jayden, ein godt vaksen mann, er hennar næraste tillitsperson på institusjonen, verkar pussig, nesten plassert for å skapa nye spenningar – som det jo gjer, så filmatisk har det innlysande ein funksjon. Spenningar er det også mellom Dalva og romkamerat Samia, ein karakter som får god plass og som utfyller tittelen Tapt barndom.

Det er interessant at så kontroversielle tema som incest, overgrep og barnevern kan gjerast om til ein såpass tam film. Det gjer det jo meir overkomeleg å sjå på, men er det ein bra ting eigentleg? Sjølv om det er fin framdrift, karakterane er likande, så kjenner eg meg ein smule likesæl. Det kan vel ikkje vera bra.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis