JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kven, kva, kvifor

Fritt fall er ein av dei filmane du ikkje legg frå deg så snart du har forlate kinosalen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Samuel, Sandra og den elleve år gamle son deira har budd avsides i fjella det siste året, før faren døyr i eit fall.

Foto: Another World Entertainment

3472
20240105
3472
20240105

Drama

Regi: Justine Triet

Fritt fall (orig.tittel: Anatomie d’une chute)

Med: Sandra Hüller, Milo Machado Graner, Swann Arlaud
Kinofilm

Etter ein tur med hunden finn den unge sonen, Daniel (Graner), faren omkommen tilsynelatande etter eit fall frå det høge sveitserhuset deira i Alpane. Kan det ha vore mora Sandra (Hüller) som dytta han? Kva vil forsvarsadvokat Vincent (Arlaud) koma opp med, og kva vil rettssaka konkludera med? Og vil konklusjonen nødvendigvis vera svaret på gåta?  

Språking

Sjølv om det introduksjonsvis kan høyrast ut som ein krim, og sjølv om det på overflata også kan skildrast som eit rettsdrama, så er Fritt fall meir vanskeleg å definera så lettvint som nokon av desse. Filmen er til dømes fri for klassiske krimgrep som lada musikk og rask klypping, sjølv om ingenting av den grunn verkar tilfeldig.

Den naturlege framdrifta gjer at det kjennest som å vera vitne til eit forløp som det kanskje kunne fortona seg for «vanlege folk», noko som sjølvsagt er tilfellet i dei fleste tilfella. For korleis ser eigentleg ein kriminell ut når det er snakk om ein mogleg familietragedie som her?

For å gje dette tvisynet ansikt kunne regissøren knapt valt ein betre skodespelar enn Sandra Hüller. Eg kjenner ho best frå den fabelaktige Min pappa Toni Erdmann (2016), og ho er neppe teken ut tilfeldig. Berre at dei brukar språkforvirringa som kjem med å la ein tysk skodespelar spela i ein fransk film der ho for det meste snakkar engelsk – nemnde eg at ingenting er tilfeldig her?

Skulding

Sonen Daniel har nedsett synsfunksjon etter ei ulukke – kven kan skuldast for ulukka? Er det eit motiv at faren, altså den no omkomne ektemannen til mor Sandra, var skuldig? Og kva er forhistoria til Sandra og advokaten eigentleg? Sjølv om Fritt fall ikkje framstår som ein film med open slutt, så er i grunnen heile filmen open frå ende til annan – og langt inn i framtida.

Sjølv om Daniel berre er ein slags bifigur, vert det klarare og klarare at dette barnet har mykje på sine smale skuldrer. Og for ein skodespelar (og pianospelar) unge Milo Machado Graner er! Det er i sanning ein skodespelarfilm, Fritt fall, inkludert hunden, som til tider er så overtydande at ein kan lura på om han faktisk er ein skodespelar. Og: Eg et hatten til næraste person som går med hatt, viss ikkje Sandra Hüller vinn minst éin Oscar i år, anten for denne eller for The Zone of Interest, som har premiere seinare denne månaden.

Tru og vita

Kjem det noka løysing på denne krimgåta i Fritt fall? I den grad filmen har så mange retningar, har han iallfall konklusjon på éi av dei. Eg kan ikkje anna enn å vera litt kryptisk her. Men eg vil på det sterkaste tilrå ein kinotur, og finn gjerne nokon å diskutera filmen med.

To og ein halv time er i drygaste laget langt, men verdt det uansett. Dette er ein av dei filmane som heng i deg lenge etter du har sett han. «Å tru er å bestemma seg for noko», seier advokatvenen på eit tidspunkt. Det same kan seiast om rettssaker, kanskje særleg ei slik som den som er skildra i Fritt fall.

Eg merkar at eg framleis vinglar, fleire dagar etter at eg såg filmen: Kva og kven skal eg tru på? Det eg ikkje vinglar på, er at dette er botnsolid filmskaping, aldeles imponerande stødig regi og klipp og skodespel av ypparste klasse.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis