Kva er det vi ikkje må vite?
Kor lenge skal den norske staten halde misgjerningane sine skjulte?
Regissør Lena-Christin Kalle tek føre seg behandlinga av dei såkalla «tyskarjentene».
Foto frå filmen
Les også
Den franske kolonimakta stal fleire enn 7000 kunstgjenstandar frå det afrikanske kongedømmet Benin.
Foto frå filmen
Når dei rike stel
Les også
Fleire jazzmusikarar i USA mislikte at amerikansk UD nytta dei som «ambassadørar» i Afrika for å få merksemda vekk frå det dei dreiv med.
Foto frå filmen
«Har du illusjonar om politikk og politikarar, vil Soundtrack to a Coup D’Etat drepe dei effektivt på 150 minutt.»

Glimt frå den 25. filmfestivalen
Den 25. utgåva av Bergen internasjonale filmfestival er gjennomført. Blant dei over 120 filmane publikum har kunna velja mellom, presenterer vi tre som kvar på sitt vis fortel noko om føresetnadane for verda og tida vi lever i.
Dokumentar
Regi: Lena-Christin Kalle
De rettsløse
BIFF
Vi blir aldri ferdige med krigshistoria. Då er det godt at somme tek føre seg etterspelet, som inneheld skamplettar det helst ikkje skal snakkast om. Rett nok har det vore skrive litt om dei såkalla «tyskarjentene», men detaljar om korleis staten behandla desse kvinnene etter krigen, er 80 år seinare framleis klausulerte i norske arkiv. Visstnok av omsyn til etterkommarane, men mest truleg for å beskytte dei offentlege overgriparane og hindre at ålmenta får kunnskap om det som skjedde.
Innsynsavslag
Lena-Christin Kalle og produksjonsselskapet Aldeles har fått avslag på avslag på søknader om innsyn. Kalle oppdaga at nestkommanderande på den største interneringsleiren for desse kvinnene hadde teke vare på arkivet. Då Riksarkivet skjøna kva det inneheldt, klausulerte dei det for hundre år.
Ingen veit kor mange titusen norske kvinner som blei stempla som «tyskartøser» eller prostituerte etter frigjeringa, ei heller kor mange som på ulike vis blei straffa. Ikkje berre av gatejustisen, i form av skamklipping til offentleg forlysting, men endå hardare av staten, sjølve garantisten for rettstryggleik. Over heile landet blei dei arresterte og internerte. Det gjaldt ikkje berre dei som hadde vore kjærastar med tyske soldatar; det kunne vere nok til å bli angitt at dei hadde smilt til fienden eller gått på kino med ein av dei. Då var det annleis med brakkebaronane, som hadde tent grovt på å samarbeide med okkupanten. Dei slapp unna.
Rettslause
Rettslause var dei alle, statens folk ville ikkje innsjå kva for overgrep dei gjorde seg skuldige i. Over 4000 kvinner blei heilt utan lov og dom fråtekne statsborgarskapen og deporterte til eit sundbomba Tyskland. Tusenvis av kvinner kjende seg forfølgde i så å seie heile sitt liv. Mange hundre internerte blei utgreidde for sinnssjukdom og erklærte for meir eller mindre åndssvake av ein psykiater som truleg skulle vore bura inne.
Dei få gjenlevande tidsvitna som er intervjua i filmen, synte absolutt ingen teikn på sinnssjukdom av noko slag. Då Erna Solberg i 2018 skulle be om orsaking på vegner av staten, var ho engsteleg for at ho skulle komme til å be nokon om orsaking som ikkje fortente det. Fy flate!
De rettsløse er ein sterk, vellaga og viktig film, som kjem på kino i januar
Jan H. Landro
Les også:
«Verdas ròtenskap» (melding av Soundtrack to a Coup D'Etat, regi: Johan Grimonprez)
«Når dei rike stel» (melding av Dahomey, regi: Mati Diop)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø