Film

Kunstnarsvepa

Dei galne har det ikkje alltid godt, og endå verre er det for ungane deira.

Maria Bonnevie spelar kunstnarbohem og mor til Bo (Casper Falck-Løvås) og Jill (Ylva Bjørkaas Thedin).
Maria Bonnevie spelar kunstnarbohem og mor til Bo (Casper Falck-Løvås) og Jill (Ylva Bjørkaas Thedin).
Publisert

I ei rotete, men bohemsk koseleg leilegheit bur unge Jill (Thedin) saman med den alkoholiserte, arbeidslause kunstnarmora Astrid (Bonnevie) og veslebroren Bo (Falck-Løvås). Det går frå vondt til verre når Astrid vert innkalla til jobbintervju.

Kunstnarane

Føniks er den mange gongar fortalde historia om kor gale det går når eksentriske, egoistiske kunstnarsjeler får ungar. Det må vera kjedeleg å vera jazzmusikar (alltid i kvit lindress) eller tekstilkunstnar (alltid i flagrande gevant) og stadig få servert denne leksa om kor lite skikka dei er til å vera foreldre. Og desse klisjeane får diverre altfor stor plass i Henriksens regidebut. Eit snev av nyansering hadde gjort seg, og til og med fått fram bodskapen endå betre. For det er eit trist syn, ungar som går for lut og kaldt vatn, og ikkje berre det, men ungar som må oppføra seg som forstandige vaksne når det skortar på evnene hjå omsorgspersonane. Når mora sperrar opp auga så heile augeepla viser, så tenker eg berre at det ser ut som Maria Bonnevie som spelar teater. Litt underdriving har sjeldan skadd, men så har ikkje subtil nødvendigvis vore eit nykkelord i prosessen her.

Flink jente

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement