Film
Kristenmannsblodig
VampyrVidar byr på mykje morosamt, mykje søkt og mykje unødvendig sexisme.
VampyrVidar vert spelt av Thomas Aske Berg.
Foto frå filmen
Etter å ha møtt Jesus (Skrettingland) seint ei natt på sauegarden sin vaknar Vidar (Berg) med blodtørstige lyster og lyssensitiv hud. Eit mislukka eksorsismeforsøk fører til døden, og han gjenoppstår som ein vampyr som framleis ikkje er nøgd med livet, særleg sidan han no skal leva i all æve takka vera venskapet med Jesus Kristus sjølv.
Gutegutar
Bak filmen står ein kompisgjeng som verkeleg slår på gutetromma med klisjear om Playboy-fantasiar, den slemme jenta frå barndommen, vakre prostituerte og ellevill hemn over avvisande damer. Eg må seia det er skuffande, og eg lurar på kva motivasjonen er for denne overdrive kvinnedegraderande vinklinga. Er VampyrVidar eigentleg ein ufrivillig barnlaus? Eg fell ned på at dei nok berre har hatt det artig, men får vond smak i munnen når ho eine dama Vidar treffer på byen, vert titulert som Dumb cunt i underteksten. Var det nødvendig?
Jærskleg
Jæren er for tida tydelegvis ynda som bakgrunn for dystre norske filmar, slik som finfine Skyggenes dal (2017) og no skrekk-komedien VampyrVidar. Eg har påpeikt før kor flinke rogalendingane er på filmdialog, og denne siste er ikkje noko unntak. Måten dei brukar kristenmiljøet på, er både morosam og nesten nostalgisk. Også den danske psykologen funkar fint, både humoren som oppstår i språket, og aspektet om at det kanskje berre har klikka for Vidar. Ikkje at eg trur det er meininga at filmen skal overanalyserast uansett, når det er sagt. Tommel opp for godt manus, skodespel og jærske statistar, tommel ned for idiotiske damestereotypiar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.