Film
Korona spesial: Sjå på nett no
Kinoane er stengde på ubestemt tid. Alle premierar er utsette, men på dei tusen skjermane lyser det enno.
Adam Ekeli spelar seks år gamle Aslak i filmen regissert av Jonas Matzow Gulbrandsen.
Foto: Marius Matzow Gulbrandsen.
Brått verka alle dystopiske framtidsvisjonar med tomme gater og engstelege fjes eit hakk nærare slik me har sett det på film. Berre at no kan me ikkje seia «det er berre på film». Og med eitt treng me å tru på eventyr igjen, eller lulla oss inn i søte draumar, eller verta realitetsorienterte, eller helst ei blanding av alt.
Nettkino
Det kan sjå mørkt ut for dei fleste som har satsa blod, sveitte og tårer i kulturbransjen, så også med norske filmskaparar. Ein bra måte å støtta desse på er ved eit av dei mange ad hoc-tiltaka, i dette tilfellet Nettkino. Det ligg ei røys gode, relativt nye norske filmar her, og det gler meg å kunna trekkja fram ein film eg likte overraskande godt då han kom ut i 2017. Det mest corny med Skyggenes dal er eigentleg tittelen.
Sjølve filmen, debutfilmen til regissør Jonas Matzow Gulbrandsen, er vakker, nydeleg tonesett og har noko overjordisk over seg utan å verka for mykje som fantasy.
«Her er eit fascinerande spenn mellom psykologi, fantasi og barnesinn som er sjeldan vare i norsk film. Hadde du forventa ein skrekkfilm, så er det berre gjennom fantasien til vesle Aslak – og det kan vera skrekkeleg nok», skreiv eg då eg melde filmen den gongen. Det er så eg får lyst å sjå han om att.
Wam! Bam!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.