Kompromisslaus leikestove
Paul Thomas Anderson slår på den nostalgiske stortromma igjen, og det er knallmoro.
Gary Valentine (Cooper Hoffman) og Alana Kane (Alana Haim) forelskar seg i San Fernando Valley i 1973. Filmen er nominert til tre Oscar-prisar.
Foto: Metro Goldwyn Mayer / SF Studios
Komedie
Regi: Paul Thomas Anderson
Licorice Pizza
Med: Alana Haim, Cooper Hoffman, Sean Penn, Bradley Cooper
Kinofilm
Ungguten Gary (Hoffman) er litt av ein entreprenørtype som heng med tenåringskompisane sine og leikar kakse. At han forelskar seg i den ti år eldre Alana (Haim), er ikkje særleg problematisk i syttiåra i California, utanom at dei ser ikkje ut til å støyta på anna enn problem, då.
Korleis hadde Licorice Pizza vorte motteken om regissøren heitte Woody Allen, ikkje Paul Thomas Anderson? Usj, det kjennest feil berre å skriva det, men korleis kan ein ikkje nemna det i ein film der heile premissen ligg på at ei vaksen kvinne og ein gut innleier eit forhold? Og det gjev så veldig feil inntrykk av stemninga i filmen, som frå ende til annan er lett og morosam, på grensa til absurd fornøyeleg.
Det ville neppe fungert om kjønna bytte plass, det ville berre blitt endå meir woodyallensk. Dette i seg sjølv legg grunnlaget for eit ormebol av ein diskusjon, men den diskusjonen må eg legga til side fordi det er så mange andre aspekt med Licorice Pizza som gjer filmen usedvanleg sjåverdig.
For dei som såg og likte Boogie Nights (1997), er dette som eit gledeleg gjensyn, berre utan porno og kokain. Filmen går føre seg i Andersons barndomsnabolag, San Fernando Valley i Los Angeles, og ein merkar at han har mykje kjærleik og kjennskap til området.
At han igjen legg handlinga til syttiåra, går kan henda mykje på estetikk, men tida verkar i dag som uskuldig og optimistisk, og på mange måtar enklare, trass i både Vietnamkrig og oljekrise. Vass-seng var eksotisk, ikkje harry. Moralsk sett var nok dei laussleppte sekstiåra framleis gjeldande.
Musikken var fabelaktig, og lydsporet til Licorice Pizza likeså. «Licorice Pizza» var både slang for vinylsingel og namnet på ei platesjappe, og Anderson leikar seg med symbolikken i musikkbruken så det er ein fryd. Også dei mange små innhoppa til kjendisar som Tom Waits, Sean Penn og Bradley Cooper krydrar moroa, og lysta til å bruka ordet overflodshorn er uimotståeleg.
Det er noko Robert Altman-aktig over måten persongalleriet blir rulla opp, fram og tilbake, og alt blir halde saman på: Dei utruleg sympatiske hovudrolleinnehavarane, Alana Haim og Cooper Hoffman. Sistnemnde er son til Andersons favorittskodespelar, no avdøde Philip Seymour Hoffman, og han fyller absolutt skoa til faren. Trass i det problematiske utgangspunktet for filmen elskar eg heile universet i Licorice Pizza, og ler og kosar meg heile vegen til moralpolitistasjonen.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?