Komedie frå gamle dagar
Hjelp, vi dreg på ferie med psykisk utviklingshemma!
Ein småkriminell far og son gøymer seg på ein sommarleir for unge vaksne med nedsett funksjonsevne og gjev seg ut for å vere ein brukar og hans føresette.
Foto: Ymer Media
Komedie
Regi: Artus
En annerledes sommer (Orig.tittel: Un p’tit truc en plus)
Med: Artus, Clovis Cornillac, Alice Belaidi, Arnaud Toupense
Kinofilm
Dei to bankranarane Paolo (Artus) og Lucien (Cornillac) må tenkja kjapt når fluktbilen er vekke. Rett ved sida av står ein buss som skal ta ein gjeng psykisk utviklingshemma på sommarferie. Snurr forviklingsfilm!
Grenselaust
Synest du komediar har vorte litt vel korrekte dei siste åra? Frykt ikkje, den franske komikaren og filmskaparen Artus tek på seg oppgåva og rykkjer oss tilbake til der billige poeng på kostnad av andre igjen får ein plass i sola.
Det skal seiast, lytehumoren hans har unekteleg ei varm og velmeint slagside, det berre verkar pussig at det igjen skal vera morosamt å bruka ordet «mongo» og å herma etter talemåtane og faktene til psykisk utviklingshemma. Det skurrar skikkeleg.
Tilsvarande gjer han narr av assistenten Marc, som er så begeistra for leiaren, Alice – tenk at han kan tru han har ein kjangs, så tjukk og raudhåra som han er, hæhæhæ! Det er forbløffande å sjå denne slags unyansar i ein ny film. Eg vil ikkje seia det er noko gledeleg humorgjensyn.
Ter(s)kel i knipe
Likevel har En annerledes sommer endeleg fine kvalitetar. Det er unekteleg ein tvers gjennom sjarmerande gjeng som reiser på ferie, og skurk forkledd som sivil er jo ei oppskrift som fungerer med grunn. Særleg rappkjefta Ludovic og amorøse Arnaud gjer strålande innsats, og kjemien med hovudrolleinnehavar og regissør Artus verkar genuint god.
I sine beste augeblikk minner filmen om belgiske Den åttende dagen (1996), som blei ein publikumssuksess då han kom ut. I Frankrike går folk også mann av huse for å sjå En annerledes sommer, noko som jo verkar sannsynleg, sidan humoren er omtrent som på nittitalet. Her kunne ein både klapsa damene på rumpa, røykja ved middagsbordet og fleipa med valdtekt i dusjen. Og for å sitera filmen: Meditasjon er noko skikkelege homsegreier, hæhæhæ!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.