JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kolonitrist

The Nightingale er medrivande og nedrivande på ein oppbyggjeleg måte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Clare (Aisling Franciosi) jaktar på general Hawkins i dei tasmanske skogane.

Foto: Another World Entertainment

3282
20191129
3282
20191129

Historisk drama, thriller

Regi: Jennifer Kent

The Nightingale

Med: Aisling Franciosi, Sam Claflin, Baykali Ganambarr

Tasmania, 1825: Straffangar frå dei britiske øyane vart sende vidare frå Australia for å vera med i nedslaktinga av aboriginane. Clare (Franciosi) slavar bokstaveleg talt for general Hawkins (Claflin) medan ho ber rundt på babyen sin og ventar på at ho og mannen skal få lauslatingspapira sine. I staden klikkar det for generalen, og i vreide drep han og lakeiane hans mann og barn og fer nordover. Ho har ingenting å tapa, men treng hjelp frå ein som kjenner landet (Ganambarr), om ho skal finna att generalen og ta hemn.

Kvitskam

The Nightingale er som eit forferdeleg eventyr, ein western på minst glamorøse vis, ein historietime du ikkje klarar lausriva deg frå. Historia til urfolk er aldri lystig lesnad, heller ikkje kolonisering. Kven har høyrt soga om dei snille kvite imperialistane som berre ville vera vener med dei som allereie budde på stadene som vart «oppdaga»? Historia til Australia er ekstra fascinerande for oss kvite, då landet vart bygd opp av straffangar frå Storbritannia og Irland i tillegg til dei få gjenlevande aboriginane. I 50- og 60-åra var irar nesten like uglesette som svarte i England, der ein kunne sjå skilt utanfor hotell med teksten «No Blacks, No Dogs, No Irish». Og apropos hundar, så er me alltid glade i ei historie der underdogs slår seg saman mot den samla fienden. Og det er akkurat det som driv The Nightingale framover på mest fengande måte.

Historia tru

Den førre filmen av regissør Jennifer Kent er å finna i ein ganske så annleis sjanger, nemleg skrekkfilmen The Babadook (2014). Han er nydeleg filma og klipt av same mannskap som på The Nightingale: Radek Ladszuk på foto og Simon Njoo på redigering. Eg er ikkje generelt begeistra for kostymedrama, men her er noko radikalt annleis: Kleda er ikkje elegante, dei ser grove og stikkete ut, folka er sveitte og skitne og med stygge tenner, ikkje berre på slemmingane. Dette står nok meir i samsvar med røynda enn det ein vanlegvis ser i historiske filmar. Så er heller ikkje dette eit forsøk på å pynta på noko som helst, det var ikkje anna enn ei grim tid for dei aller fleste på den ville fengselsøya.

Formidabelaktig

Eg elska Mot alle vindar då serien gjekk i reprise på NRK i åttiåra. Dei undertrykte irane, mest helteaktig framstilt av tøffe Mary Larkin og superstilige Jon English, hadde både med mannsjåvinistar og bøllete generalar å gjera, men eg kan ikkje hugsa at aboriginane vart dregne fram. På same måte har sjeldan det amerikanske urfolket vore framstilt som anna enn krigeriske indianarar i cowboyfilmane. (Danser med ulver frå 1990 var eit unntak og kanskje eit vendepunkt.) Det er så himla på høg tid at me får desse historiene vovne inn i underhaldninga vår, same kor vondt det gjer å sjå på. Venskap i krigstid er også eit tidlaust og svært effektivt grep, og du skal vera bra steinhard for ikkje å heia på Clare og stifinnarkumpanen hennar Billy/Mangana. Det er freistande å kalla The Nighingale ein storfilm, berre at han er for brutal og klisjéfri til at stempelet heilt stemmer.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Samstundes som Russland har formannskapet i Tryggingsrådet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no, skriv Bernt Hagtvet.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP / NTB

Samfunn

Ei verdsordning i oppløysing

Internasjonal politikk tek meir og meir farge av dei resultatlause samkomene, med Tryggingsrådet i FN som fremste symbolet på manglande handlekraft.

Bernt Hagtvet

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis