JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kliner ikkje heilt til

Et streif av kjærlighet hadde fortent ein sprekare tittel, for inkjeseiande og klisjé­aktig er filmen trass alt ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alison Steadman og Dave Johns spelar to personar som møtest seint i livet.

Foto: Another World Entertainment

1937
20210430
1937
20210430

Drama

Regi: Paul Morrison

Et streif av kjærlighet
(Orig. tittel: 23 Walks)

Med: Dave Johns, Alison
Steadman
Kinofilm

Dei er begge godt vaksne, bur åleine og har kvar sin hund dei går tur med i same park. Av og til skal det ikkje meir til. Men det tek si tid før Dave (Johns) får Fern (Steadman) på talefot.

Gamle hundar

Det er mykje fint å seia om at ein tek moden kjærleik på alvor på film. Det er ikkje eit område som generelt vert satsa på i filmbransjen. Legg du godviljen til, så skjønar du at ein stor del av publikum ramlar av lasset når filmen handlar om at to menneske på rundt sytti skal gå rundt i ein park med dei firbeinte venene sine og snakka om barnebarn og hofteproblem, og du berre veit at det kjem ei klein kyssescene på eit eller anna tidspunkt.

Ikkje fordi det er så kleint at gamle folk kliner, men dei skal understreka så sterkt kor rustne dei er, kor lenge det er sidan sist, unnskylda seg for at dei ikkje er unge lenger. Kanskje ein må vera såpass opp i åra for å skjøna at det er så ufatteleg at ein har vorte gamal?

Sosialt

Både Steadman og Johns er kjende frå filmar av sosialrealismemeistrane Mike Leigh og Ken Loach, og det samfunnskritiske får sin plass også i Et streif av kjærlighet. Å klara seg åleine på minstepensjon, å risikera å mista heimen som er eigd av kommunen, og dermed mista nettverk og dermed verta einsam – det er synd at filmen tyr til «to må ein vera»-mottoet, som på ingen måte alltid er ei mogleg løysing.

Men så er ikkje dette ein Mike Leigh-film, heller ein slags solnedgangsfilm der himmelen kanskje ikkje er heilt skyfri, men det høljar iallfall ikkje ned.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er synd at filmen tyr til «to må ein vera»-mottoet.

Brit Aksnes om Et streif av kjærlighet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis