Film

Klamme tonar

Av og til kjem det filmar som er hårreisande, om enn harmlaust kalkulerte. Coda er ein slik.

17 år gamle Ruby (Emilia Jones) drøymer om å satse på musikken, men er redd for å svikte familien.
17 år gamle Ruby (Emilia Jones) drøymer om å satse på musikken, men er redd for å svikte familien.
Publisert

Den einaste høyrande i familien, Ruby (Jones), viser seg å ha eit talent for song, men kva skal dei gjera om dottera reiser vekk for å studera musikk i staden for å hjelpa til med fiskeverksemda?

Motstandslaust

På eit vis er det kanskje rart at det tok såpass lang tid før franske Familien Belier (2015) fekk sin amerikanske blåkopi. Og som forventa er det smurt om mogleg endå tjukkare på med overtydeleg humor (ja, tenk, døve folk har sex) og overdrivne poeng (ja, tenk, døve folk kan bli skikkeleg forbanna).

Det er noko nedlatande med denne totale mangelen på nyansar, billege poeng som skal gå rett heim utan motstand. I ei verd full av Idol og The Voice passar det jo særs godt å bruka dette med song som raud tråd. Og tenk, dottera til døve folk kan synga! Synd at foreldra ikkje kan høyra henne, faktisk så synd at eg må gråta ein skvett. Skulle nesten tru det heile var tilsikta.

Knappane

Eg kan nærast sjå for meg filmskapar Sian Heder og teamet gå gjennom manuset hennar og planlegga kva som skal til for å røra publikum. Bruken av Joni Mitchells klassikar «Both sides now» er på grensa til kynisk. Den karikerte musikklæraren spør Ruby kva ho føøøøler når ho syng, og det eg føler, er at eg ikkje forstår kvifor akkurat ho skil seg sånn ut, med den ganske ordinære stemma si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement