JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kjærleg uærleg

Jeg elsker også deg er ei noko frustrerande opprulling av drama og kvardag frå Claire Denis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Juliette Binoche spelar Sara som er gift med Jean (Vincent Lindon), men som brått fell for ein yngre mann som ho sar vore saman med før.

Foto: Olivier Delbosc

2622
20230630
2622
20230630

Drama

Regi: Claire Denis

Jeg elsker også deg (Orig. tittel: Avec amour et acharnement)

Med: Juliette Binoche, Vincent Lindon, Gregoire Colin
Kinofilm

I ei lita leilegheit bur Sara (Binoche) og Jean (Lindon). Den kvardagslege tralten verkar harmonisk og kjærleg, heilt til ekskjærasten til Sara, Francois (Colin) vil ha eit jobbsamarbeid med Jean, som slit med å få jobb etter å ha sete i fengsel. Sara på si side slit med å få kontroll på kjenslene sine.

Denis og Binoche

Eg skal ikkje skryta på meg å ha sett på langt nær alle filmane til regissør Claire Denis, men det var éin film ein ikkje kunne gå glipp av i 1999, og det var Beau travail, eit sterkt Rambo-aktig drama om korleis ein tidlegare framandlegionsoldat takla kvardagen etter å ha vore general i Djibouti.

Forventningane om at Denis skal toppa denne prestasjonen med noko tilsvarande vektig, originalt og samfunnskritisk, sit framleis i. Vel, det blir ikkje med Jeg elsker også deg at ho overgår seg sjølv. I staden verkar han tematisk nesten som ein oppfølgjar til den siste filmen eg såg av henne, Let the sun shine in (2017), der Juliette Binoche spelar ei kvinne som er frustrert over kjærleikslivet sitt. Den rolla har ho tolka ørten gongar før, men heldigvis kjem det med ein vri.

Einkantdrama

Filmen er ikkje blotta for samfunnsengasjement, men mest vigd intervju som Sara gjer i radioprogrammet sitt, og dermed verkar det noko lausrive og overflatisk. Det som betyr noko, er kjærleik og spenning, forsterka av eit leiande lydspor. Det vil seia, musikken villeiar meir enn understrekar handlinga, om det er komponistkrediterte Tindersticks’ feil, skal eg ikkje seia.

Styrken i Jeg elsker også deg er korleis sjåaren stadig får ny informasjon. Den sakte opprullinga av fortid gjev næring til grubling, og sjølv om ein ikkje frå svar på alt, får ein nok til å skjøna at nokon ikkje har heilt styr på det indre livet sitt, mens andre òg slit med det ytre livet.

Det kan kallast eit trekantdrama, men eigentleg er det Sara og Jean alt dreiar seg om, og aller mest Sara. «Mon amouuuur, mon amouuur», sakte film og kviskring til spegelen – til tider kjennest det så «fransk» at eg får lyst på ein fersk bagett til å delja sunn fornuft inn i hovudet på alle dei tre hovudpersonane med.

Sjølv om eg lèt meg fascinera av dei mange psykiske laga og er nysgjerrig på personane, kjennest filmen noko uforløyst og konvensjonell når det kjem til stykket.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis