Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»
Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).
Foto: Mer Film
Arvesynda
Balansekunstnaren Isabella Eklöf har laga solid film av debutromanen til Kim Leine.
Drama
Regi: Isabella Eklöf
Kalak
Med: Emil Johnsen, Asta August, Berda Larsen, Connie Kristoffersen
Kinofilm
Sjukepleiaren Jan (Johnsen) bur i Nuuk på Grønland i 1999 med kona Lærke (August) og to born. Danske Jan freistar passe inn i grønlandske miljø. Han verkar open og grei, men noko skurrar med utruskap og rus. Når han snik i medisinskapet på jobben, ligg noko av forklaringa i motviljen han har mot å opne breva frå den kreftsjuke faren.
Tvisynet
Kim Leine har skrive manus til filmatiseringa av den sjølvbiografiske romanen hans. Kim er no Jan. Han er ikkje eit enkelt offer hjå den skarpe og talentrike regissøren Isabella Eklöf. Både her og i debuten Holiday (2018) vinglar komplekse hovudfigurar mellom rovdyr og folk som fortener meir enn antihelten vår gjev. Jan har traume frå overgrep i ungdomen. Vakne grønlandske kvinner poengterer at det ikkje gjev frikort. Fleire ber smerte. Jan famlar. At filmen ber blikket hans, skapar skjør sympati.
Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med mild og stundom sår framtoning som naiv innflyttar som stolt stotrar sine grønlandske gloser. Svenske Asta August treffer perfekt med si tolking av raust undrande Lærke. Blant fleire solide biroller skil to seg ut. Berda Larsen er sterk som den tøffe og direkte Karina, som ikkje lèt seg tulle med av ein sjølvmedlidande danske. Connie Kristoffersen er forvitneleg som trygg kollega.
Kalak (forfilm)
Klartenkt
Grønland er samansett skildra. Vi får flotte scener av ulike miljø i Nuuk og aust i Kulusuk, anten familiestunder eller festlege lag på lokalet. Det er fullt av flotte fjes. Eklöf er utanfrå, men syner omhug for folka ho har fått møte på filminnspelinga, sjølv om ho ikkje vik frå sosiale problem. Handhalde kamera gjev ei direkte, dels dokumentarisk stemning i skildringar av sosiale lag. Den særs grovkorna biletkvaliteten bidreg til å plassere oss drygt tjue år tilbake. Stilen passar. Han bryt heilt med det reine, glatte uttrykket i stabile tablå frå tyrkiske Syden i Holiday.
Ord frå faren vitnar om ein sjølvtilfreds levemann som omtalar overgrepa sine som seksuell frigjering. Når han skriv om Grønland med ord som «oppdagingar» og «verdas ende», gjev det ein klang av overgrep frå kolonimakta Danmark. Eklöf skapar elegant assosiasjonar mellom ulike overgrep.
Tittelen er eit grønlandsk omgrep som etter høvet kan brukast som bra eller dårleg. Det passar godt på Jan. Når det gjeld sjølve filmen, er nemninga kalak heilt klart positivt ladd, takk vere ein av dei verkeleg framstormande skandinaviske regissørane.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.