K for komedie?
Eg ler lite av K-town og saknar satiren eg anar ligg i botnen.
Gordon (Jakob Berg) driv sexbutikk i Kristiansand saman med bestekameraten Roger (Alexander de Senger).
Foto: AS Fidalgo / Landmark Film
Komedie
Regi: Kristian Landmark
K-town
Med: Jakob Berg, Alexander de Senger, Pernille Haaland
Kinofilm
Gordon (Berg) driv sexbutikk med bestekompisen Roger (de Senger) i Kristiansand, rett overfor kyrkja der familien går, berre for å irritera dei. Forretninga går sånn passe, heilt til Lola (Haaland) kjem inn frå gata og frå fortida og klaskar eit pengekrav og ein arv i disken så dildoane ristar.
Kvifor?
Til mi gledelege overrasking har det på under to veker kome to komediar på kino som begge ser ut til å villa harselera med sørlandshovudstaden, eller K-town, som filmskaparen her kan henda vil at folk skal byrja omtala Kristiansand som. Når det er sagt, det er berre sist vekes Perleporten som strengt talt gjer narr av byen eller kritiserer noko djupare sett.
I K-town får me eit bakteppe av bibelcamp og snerpete pinsevener, men utover dette er det komedie filmen vil vera, på eigne bein og i kraft av manus og framføring. Prøver filmen for hardt, eller prøver han ikkje i det heile? Eg er faktisk usikker. Handlinga er så rett fram fortalt, utan oppbygging, berre «bank, bank», «du har ein son, han er daud, her er ein arv», «snakkast». Filmen framstår i beste fall som ei slags lakonisk nittitalskomedie, men ikkje ein av dei me framleis snakkar om, og som har tolt tidas tann.
Dildon’t
Både manusforfattar Arne Vilhelm Tellefsen og regissør og produsent Kristian Landmark er barn av K-town, dei kjenner nok godt miljøet og har brukt av lokale krefter, som våpenforhandlarkarakteren og eit par andre artige skruer. Det er ikkje godt å vita kvifor dei har hanka inn Pernille Haaland i rolla som Lola, men ho overtyder få om at ho er amerikansk.
Ho har heller ikkje fått mykje å spela på manusmessig, anna enn å seia fucking ditt og fucking datt, som om det er ved å bruka f-ordet at du framstår som amerikansk. Eller kanskje det skal vera morosamt? På same måte som dildoar og andre kjønnsorganetterlikningar til ulike bruksmål skal vera morosamt, då, sikkert – eit penistalglys til romantisk middag, nei og nei!
Det er godt mogleg at kristiansandarar har sin heilt eigen humor, og at han ikkje er ymta på vestlendingar. Dette er ein snill måte å oppsummera kva eg synest om komedien, om nokon lurte.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.