JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Jag vill tacka helsevesenet

Å leva, det er å elska, men også å bli gamal og sjuk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sandra (Léa Seydoux) bur i eit lite husvære i Paris saman med den åtte år gamle dottera. Ho besøker jamt far sin (Pascal Greggory), som lir av ein nevrodegenerativ sjukdom.

Foto: Another World Entertainment

3338
20221104
3338
20221104

Drama

Regi: Mia Hansen-Løve

En vakker morgen (Orig. tittel: Un beau matin)

Med: Léa Seydoux, Melvil Poupaud, Pascal Greggory
Kinofilm

Kvardagen til Sandra (Seydoux) går med til tolkejobbing, å henta dottera på skulen og å sjå til far sin (Greggory), som ikkje lenger klarar seg sjølv. Eit tilfeldig møte med venen til den avdøde mannen hennar, Clement (Poupaud), fører til både komplikasjonar og sårt tiltrengt avsporing i livet hennar.

Amour

Eg hadde nær sagt at viss du likar franske drama om livet, døden og kjærleiken, kjem du til å elska En vakker morgen. Det blir likevel litt lettvint, då hovudvekta eigentleg ikkje kviler på nokre av desse tre stikkorda, men på å overleva, og til kva pris. Med andre ord føyer En vakker morgen seg inn i rekka av filmar dei siste åra som handlar om alderdom.

Dei to fyrste eg kjem på, er nettopp fransktalande, med Amour (2012) og Oss to (2019). Felles for desse og En vakker morgen er at dei ikkje pyntar på realitetane, sjølv om ingen av dei høver inn i kategorien sosialrealisme. Det som skil sistnemnde frå dei andre, er at regissør og manusforfattar Mia Hansen-Løve (fransk, trass namnet) trekkjer inn alle generasjonar og korleis dei vert påverka, og at den eine hovudrolla er mor, dotter og elskarinne Sandra, ei kvinne som må sjå både oppover og nedover i tid. Den andre hovudrolla er helsevesenet, og den rolla må tolkast på nytt og på nytt til nokon vaknar og verkeleg tek tak i utfordringane med alderdom.

La vie

Ein kan få kjensla av at Hansen-Løve, som sjølv er midt i livet, kan ha støytt på nokre av situasjonane skildra i hennar til dags dato sterkaste film, etter mitt syn. No treng ikkje alt ein filmskapar tek i, vera sjølvopplevd, men då er ho steike god på å få fram spagaten mange står i for å tekkast alle.

Samstundes er filmen verkeleg ei klar oppmoding om å leva livet mens ein kan, at levd liv ikkje betyr at ein lever vidare på minna uansett kor rikt det levde livet var. I ei kort, men sterk scene besøkjer ho ei gamal dame som fortel at det siste ho ynskjer, er medynk, same kor rart, uvant og nedverdigande ho føler det er å vera utandørs i rullestol. Måtte me alle ha evne til å sjå alle som menneske, uansett alder og funksjonsevner!

La vie del 2

Og måtte me aldri utvida det private tilbodet som gjer at ein enten må ruinera seg for å få ein verdig siste heim eller ta til takke med eit nedprioritert offentleg tilbod, der ingen vil senda sine kjære gamle fordi ingen vil jobba der. Om det var tilsikta eller ei, Mia Hansen-Løve kunne ikkje ha vore tydelegare i bodskapen sin akkurat i denne saka.

Også ei anna sak kjem klart fram: «Lat oss nyta dei siste åra saman», oppmodar Clement. Eg ville kanskje lagt til «ikkje gidd å ha ein gift elskar», for denne nytinga som Sandra får med Clement, er ikkje fredfull og framtidsretta. Så er kanskje denne emosjonelle utforkøyringa å føretrekka framfor eit monotont tilvære der alt dreiar seg om dottera og faren.

Ein grunnleggjande melankoli ligg stadig under i filmen, utan at den verkar deprimerande. Anna enn med tanke på å bli gamal og sjuk, då. Alderdom og død er ikkje ein spøk, det er berre å elska og leva i veg mens ein kan.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis