Iransk film, altså!
Av og til er det herleg å generalisera: Uten skyld føyer seg inn i rekka over særs sjåverdige filmar frå Iran.
Maryam Moghadam spelar enka Mina. Den døve dottera vert spelt av Avin Poor Raoufi.
Foto: Storytelling Media
Drama
Regi: Behtash Sanaeeha
Uten skyld (Orig. tittel: Ghasideyeh gave sefid)
Med: Maryam Moghadam, Alireza Sani Far, Avin Poor Raoufi
Kinofilm
Etter at mannen blir uskuldig avretta, har Mina (Moghadem) nokre mildt sagt steile utfordringar framfor seg og den døve dottera Bita (Raoufi). Når Reza (Far) dukkar opp på døra, får ho stygge blikk av naboane, men også pengar som Reza skulda den døde mannen hennar. Det viser seg etter kvart at han står i skuld på meir enn økonomisk vis.
Kyr og skaut
I Koranen er den kvite kua eit symbol for ein uskuldig person dømd til døden. Det er ikkje noko rettssystem som går inn for ein praksis der uskuldige mistar livet, men i Iran blir dødsstraff samtidig sett på som ein menneskerett. I alle fall i følgje dommarkollegaen til Reza.
Det skortar ikkje på problemstillingar som er vanskelege å få hovudet sitt rundt i Uten skyld. Vesle Bita, fantastisk spela av Avin Poor Raoufi, elskar film og ser helst gamle iranske filmar. Det er frustrerande å sjå klipp frå syttitalet der kvinnene går utan skaut og dansar i gatene. Bita påpeikar det aldri, heller ikkje mora eller andre i filmen, men som sjåar blir sidestillinga nærast sjokkerande. Særleg når ein observerer Minas resignerte reaksjon på uretten som blir gjort mot henne. Éin ting er eit rettsvesen som knapt vedkjenner at dei har gjort henne til enke ved ein feil, ein annan ting er samfunnet som driv moralsk fordømming for dei mest uskuldige handlingar. Det er til å riva seg i håret over. Eller skautet, då.
Skråinnblikk
Det er ikkje noko nytt at dei er fremst i verda, men dei siste vekene har det verkeleg vore iransk filmfest med både Veien videre (regi: Panah Panahi) og En helt (regi: Asghar Farhadi). Og så kjem Uten skyld og berre stadfestar festen: Her er så mykje som skjer, så rask framdrift og kjenslemessige hopp og fabelaktig skodespel.
Det underliggande hemnaspektet ligg stadig og lurar under overflata, for ikkje å seia heilt oppi dagen, men overskuggar ikkje det meir sympatiske rettferdsaspektet. Og noko som er vanskeleg ikkje å påpeika, er at det ikkje er fritt for element av såpeopera. Ein del store avgjerder vert tekne omtrent utan at det vert kommentert eingong, nesten på grensa til påfallande. Men mest av alt sørgjer det for at handlinga aldri vert kjedeleg, og kanskje fleire filmskaparar kunne lært noko av denne effektiviteten i historieforteljing?
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.