Inga kjære mor
Eg kan jo tilrå ein totalt bananas tre timar lang film, men gjer eg det?
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som den angstfylte Beau som mistar mor si i ei ulukke.
Foto: Takashi Seida / A24
Skrekk, komedie
Regi: Ari Aster
Beau Is Afraid
Med: Joaquin Phoenix, Amy Ryan, Nathan Lane, Patti LuPone
Angstfylte Beau (Phoenix) bur i eit slags dystopisk helvete av ein by, der han knaskar tablettar og gjer sitt beste for å skilja røynd frå mareritt. På veg heim til mor (LuPone) vert han fråstolen nyklar og bagasje, og han rekk ikkje flyet.
Då han prøver finna ein måte å koma seg vekk frå helvetet som rasar rundt han på, rasar ei lysekrone rett i hovudet på mora og drep ho momentant. Reisa heim til gravferda blir berre fortsetjinga på galskapen.
Psykisk bikkje
Joaquin Phoenix kan utrangla til fingerspissane. Han nærast luktar gjennom lerretet, av uvaska, medisinert middelaldrande mann. Auga speglar djup fortviling, og det har dei god grunn til. Eit heilt liv har han levd under tommelen til mora, ho er både livlina hans og loddet som dreg han under. Far har aldri vore med i biletet – han døydde før Beau vart fødd, ei hending mor aldri sluttar å minna han på – ein lagnad Beau kjem til å dela, at han skal døy tidleg viss han ikkje er forsiktig – særleg med damer.
Om du vil ha eit godt eksempel på manipulerande mødrer i kategorien «regelrett psychobitch», så er du komen til rett film. Familien som tek han inn i fyrste del av filmen, har psychobitcher i alle aldrar og kjønn – det er også her eg fyrst får ei kjensle av at Beau Is Afraid er ein slags The Truman Show (1998) på syre – filmen der Jim Carrey går rundt i det han trur er røynda, men via film og TV følgjer alle med på han og kva som skjer, utan at han er klar over det. Kva er iscenesett, kva er ekte?
The Aster Show
Lydsporet burde vera metalltung musikk, i staden dukkar det opp fjonlette poplåtar, som gliper i eit bekmørkt rom. Eg har lyst til å lada filmen med symbolikk, men det er ikkje lett å seia om det er spark til legemiddelindustrien eller fæle mødrer, eller om regissør Ari Aster berre har fått uavgrensa budsjett og rett og slett har gått bananas.
Særleg mot slutten får eg kjensla av at han må ha sett og elska Pink Floyd-filmen The Wall (1982). På same måte som begge skrur seg rundt surrealistiske scenario så ein knapt klarar henga med, klarar ein liksom ikkje sjå vekk heller.
Eg får vel rett og slett tilrå Beau Is Afraid, då, men du går på eige ansvar! Det er tre timar av livet ditt du aldri får igjen, men på den andre sida vil du føla at resten av dette livet ditt er magisk samanlikna med Beaus.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Avsnittet som hadde mellomtittelen «Vald og seks», er teke ut av meldinga, sidan det var basert på ein feil. Medietilsynet sette 15 års aldersgrense på Beau Is Afraid, ikkje seks år som vi kom i skade for å skrive. Meldinga er oppdatert fredag 28. april kl. 11.37.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE