Film

Ikkje noka kjære Mummi-mor

Portrettet av Tove Jansson er bohemsk, truverdig og behageleg for auga.

Alma Pöysti i rolla som Tove Jansson.
Alma Pöysti i rolla som Tove Jansson.
Publisert

For ein ung kunstnar kan det vera ei utfordring når fritidsskribleria tek over som hovudgeskjeft. Berre spør Tove Jansson.

Absolut Finland

Dei er tilsynelatande så uskuldige, mummitrolla, der dei storøygde styrer på i dalen sin. Men frå utsida trugar Hufsa, og Knøttet er oftare engsteleg enn ikkje. Det er freistande å sjå for seg at skaparen av dette universet skulle vera ei lun, koseleg dame med tekopp og strikketøy ved si side. Då er det ekstra herleg å få fordommane gjorde til skamme slik dei klarar på underhaldande vis i dokudramaet om forfattaren Tove Jansson.

Det er artig at livet til både Tove Jansson og Touko Laaksonen nyleg har vorte filmatiserte, då ein kanskje ikkje tenkjer på at to av Finlands viktigaste kulturelle eksportvarer (mummitrolla og dei fabelaktige teikningane til Laaksonen, betre kjent som Tom of Finland) er laga av skeive kunstnarar i Helsinki rundt andre verdskrig. Slå den, kva som helst land i verda!

Verkeleg Tove

Han er fin å sjå på, denne filmen – pene, spennande menneske, duse fargar, nydeleg interiør og ei Tove som er til å forelska seg. Finlandssvenske Alma Pöysti formidlar både livsglede, frustrasjonar og fakter på ein måte som gjer at eg tenkjer «det er verkeleg Tove Jansson», endå Pöysti er fleire hakk konvensjonelt penare enn Jansson i røynda, som dei tilsynelatande alltid er, dei som spelar kjente personar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement