Ikkje ni liv laga
Av og til kan oppfølgjarar fungera som ei kule, men berre av og til.
Pusen med støvlar er tilbake på film etter elleve år.
Foto: United International Pictures
Animasjon
Regi: Joel Crawford
Pus med støvler: Et siste ønske
stemmer: Christoffer Staib, Mikkel Niva, Heidi Gjermundsen-Broch
Det viser seg at Pusen har brukt opp åtte av liva sine, og for å redda seg sjølv må han finna den magiske ynskestjerna. Men han er ikkje åleine på jakta – tett i hælane følgjer Gullhår og dei tre bjørnane, vesle Jack Horner, Kitty Silkepote og ikkje minst: døden sjølv.
Eventyret
Det var ein gong eit italiensk eventyr om ein katt med støvlar, og snipp snapp snute så vart det milliongeskjeft for Netflix og Dreamworks tre hundre år seinare. Katten fekk sitt velfortente comeback i 2004, då Puss in Boots dukka opp som sidekarakter i Shrek 2. Eg hugsar at eg heldt på å le meg i hel då han sperra augo opp og lagde søtefjes. Det var eg ikkje åleine om, og det måtte nesten koma ein eigen film.
Stemma til Antonio Banderas gjorde også sitt for gje personlegdom og pondus til den Zorro-aktige kattepusen. Kinofilmen Pus med støvler (2011) var ein suksess, så då måtte det bli TV-serie i ørten delar (2015–2018), men endå var det ikkje tomt i katteskåla, viste det seg. Eller var det det?
Ideen med dei ni liva er god, og ein så sjarmerande karakter som Puss in Boots toler gjensyn. Men ein merkar at produsentane har skrapa godt for å få med seg siste restane. Eg blir nesten skuffa då dei oppsperra søteaugo nok ein gong gjer entré, rett nok med ein ganske artig vri som inkluderer ein skabbete, snill chihuahua.
Vaksenkatt
Elles var det overraskande mange usøte element i Pus med støvler: Et siste ønske. Særleg ulveskapnaden som skal vera Døden – han er genuint skummel, så om folk har litt engstelege barn, vil eg faktisk ikkje tilrå dei denne filmen. Dessutan er det såpass mange vaksenreferansar, noko som sjølvsagt ikkje treng gjera noko, men med til dels hard språk- og valdsbruk hamnar filmen mellom borken og veden.
Uansett må hovudinnvendinga mi bli: Eg ler ikkje noko særleg av kattestrekane lenger. Det hjelper heller ikkje at Banderas og dei andre stjernene som glimrar i originalen, er bytte ut med nokså fargelause, halvinspirerte austlandsstemmer i den norske versjonen. Ein del av omsetjingane er «sykt cringe», som Pus seier. Viss du ikkje kan få nok av den oransje katten, så må du sjølvsagt gå på kino, men eg for min del vil heller sjå om eg ler like mykje av Shrek 2 framleis.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.