Ikkje heilt maks manus
Jakta på den verkelege Torstein Raaby er meir sjarmerande enn nyskapande.
Torstein Raaby, den største krigshelten i Nord-Noreg, spion og deltakar på Kon-Tiki-ekspedisjonen.
Foto: Screen Story
Dokumentar
Regi: Stian Indrevoll
Hva skjedde med Torstein Raaby?
Med: Stian Indrevoll, Torstein Raaby, Thor Heyerdahl
I 1964 er kyrkja på Dverberg fullsett. Andøyas store eventyrar og krigshelt, Torstein Raaby, skal gravleggjast. Nokre tiår seinare skal den då unge Stian Indrevoll starta si dokumentasjonsferd for den gamle barndomshelten sin.
Undervegs snakkar han med motstandsfolk, ekspedisjonskompisar og ekskjærastar, men både bokprosjekt og dokumentar strandar av ulike grunnar. Tjue år seinare tek han opp tråden igjen og fullfører søkinga etter kva som eigentleg skjedde med Torstein Raaby.
Testomentar
Det er interessant at interessa for krigsheltar frå andre verdskrigen aldri ser ut til å avta. Kva er det som skjer med menn når dei bikkar ein viss alder? Eg har ein hypotese om at etter fylte 60 vil alle menn føla at dei eigentleg har opplevd krigen. Såleis skil regissør Stian Indrevoll seg ut ved at han byrja sin fascinasjon då han var i slutten av tenåra, men så var det også Eventyrar-Torstein som greip han mest.
For å fortsetja generaliseringa er det heller ikkje uvanleg at unge menn idoliserer andre unge menn som har utført vågestykke som polferder og tindeklatring, og som i dette tilfellet: sjølvaste Kon-Tiki-ferda. Testosteron blanda med dumskap har i stor grad gjort at historia er full av menn, og denne historia er ikkje annleis. Likevel freistar Indrevoll å sjå om han kan finna ut kven Torstein var bak den tøffe fasaden. Han lukkast delvis.
Sin Tiki
Forventninga til vendepunkt kjem eit stykke ut i Hva skjedde med Torstein Raaby?, då det ganske tydeleg blir varsla om akkurat eitt vendepunkt. Kanskje eg er skada av for mykje podkast, men i så fall skulle eg vera ganske førebudd på at når nokon gjerne vil at det skal skje noko uventa, så er historieforteljinga i manuset ofte konstruert. No vil ikkje dette seia at filmen heller skulle vore podkast, for det eg verkeleg likar her, er det mangfaldige fotomaterialet og dei fine amatørintervjua gjorde av Indrevoll på slutten av nittitalet, kjelder som i dag ikkje lenger lever, og ikkje minst den sjarmerande reisa til Thor Heyerdahl på Tenerife i 2000.
Det endar likevel med å vera berre litt Kon-Tiki, knapt noko agenthistorie og mykje andre verdskrig. Han innfrir uansett på spørsmålet om kva som konkret skjedde med Torstein Raaby, det er berre at forventningane til kva som skal ha skjedd, blir sterkare enn det som faktisk blir avdekt. Uansett er filmen om Torstein Raaby både historisk interessant nok og arkivmessig viktig, og ikkje minst ei heltehistorie som også handlar om at heltar ikkje alltid opptrer helteaktig. Det er sympatisk.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.