Film

Ikkje full akselering

Aksel er ein ganske ordinær sportsfilm om ein skikkeleg omtykt sportsutøvar.

Aksel Lund Svindal i utforløypa.
Aksel Lund Svindal i utforløypa.
Publisert

Filmteamet følgjer alpinist Aksel Lund Svindal frå krossbanda hans rauk i eit utforrenn i Kitzbühel i 2016, og gjennom rekonvalesens, tilbakekomst og konklusjon.

Kva er viktig?

«Å kjøre rundt på et fjell – hvor viktig er det i verden», seier Aksel i eit av mange augeblikk fanga på minnebrikkene til filmfotografane Espen Saur og medregissør Filip Christensen. Han stiller eit godt spørsmål, men det einaste eg kan koma på som dukkar opp som svar, er enkelt og greitt at han elskar det – samhaldet i skilaget, sporten i seg sjølv, å konkurrera mot seg sjølv og mot andre.

Med to foreldre som sjølv dreiv med alpint, er det ikkje så rart om sønene også fattar same interesse. At han klarar å bli verdsmeister, er ei bragd, sjølvsagt, men eg ser ikkje heilt behovet for ein langfilm med treningsøkter og lune smil og eigentleg usedvanleg lite innsikt i kjenslene og tankane til hovudpersonen.

Glattfin

Filmskaparane er innom nokre viktige familierelaterte problemstillingar, men det meste glir forbi tilsynelatande utan noko anna mål enn å få Aksel i mål, både i overført tyding og i dei mange renna som er med i filmen. Ja, filmen er fint klipt, fint filma, fint lydsett, men han er fint lite anna enn ein rein sportsfilm.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement