Film

I overkant guffen

Det trengst ikkje skummel musikk for å gjera Richard Ramirez skummel.

Seriemordar Richard Ramirez.
Seriemordar Richard Ramirez.
Publisert

Det er Los Angeles sommaren 1984, og i dei varme nettene lèt folk dører og vindauge stå ulåste. Det kjem dei til å slutta med for all ettertid. Etter nokre tilsynelatande ikkje-relaterte brutale mord byrjar det å demre for politietterforskarane at dei kan ha med same gjerningsperson å gjera.

Ikkje i dag?

Eg kjenner på ein ørliten krim-fatigue, men klarar eg sjå vekk? Nei, eg gjer jo ikkje det. Mennesket sluttar aldri å verta tiltrekt av tragedie og kaos. Og kaos er kanskje det som prega Los Angeles på midten av åttitalet. Dette var same året som byen hausta sommar-OL, og interessant nok er det joggeskoa til gjerningspersonen som til slutt klarer å samla politistyrkane om at dette måtte vera ein seriemordar.

Som med andre seriemordarsaker nokre tiår tilbake er det fascinerande kor dårleg kommunikasjon det var mellom dei ulike politikontora og etterforskingsavdelingane. Noko ekstra spesielt med Night Stalker-saka er også at det var så mange overlevande vitne som skildra han ganske så likt og ganske så overtydande. Med dagens teknologi ville neppe Richard Ramirez gått under radaren så lenge. Kanskje til og med så kort at han ikkje hadde rokke å gjera alt som gav han det fengande kallenamnet. Me kan kanskje vera kritiske til dagens mediefråtsing i det morbide, men det var på ingen måte betre i gamle dagar.

Overdrive

Ved å tona ned dei makabre detaljane og heller fokusera på offera og kven dei var, er dagens dekning av slike saker meir «sympatisk» – om det er rette ordet. Det er faktisk mogleg å laga sannkrim som ikkje så til dei grader matar seriemordarmytologiseringa. At ein ikkje har godt av for store doser krim, trur eg også er trygt å seia. Og her synst eg at Night Stalker: Jakten på en seriemorder spelar opp det groteske unødig. Me treng ikkje gjentekne bilete frå den blodige åstaden for å skjøna at det han gjorde var forferdeleg. Særleg dei utdregne sekvensane med skummel musikk er skjemmande for ein god sannkrim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement