Film
Husmorosamt
Hvordan bli en god kone er blaut og glatt som ein bolledeig og omtrent like festleg.
Juliette Binoche, Yolande Moreau og Noémie Lvovsky speler husmorskulestyrarar på 60-talet.
Foto frå filmtraileren
Det er slutten av sekstitalet, og som elles i verda bankar nye tider på dørene, også på den gamaldagse husmorskulen der Paulette (Binoche) er styrarinne. Korleis skal ho, den strenge søster Marie-Thèrése (Lvovsky) og den røyndomsfjerne heimkunnskapslæraren Gilberte (Moreau) halda styr på det nye kullet som skal oppsedast i streng, fransk tradisjon?
For abonnentane
Eg hadde sant og seia ikkje trudd eg kunne vera så lite begeistra for ein film som på eit vis handlar om kvinnefrigjering. Til trass for at Frankrike har fostra verdas mest kjente feminist, Simone de Beauvoir, så klarar dei å laga denne filmen som gjer at eg mistenkjer dei franske for å ha eit nærare forhold til konvensjonane opplærte på ein husmorskule enn likestilling som eit sjølvsagt gode. At nokon ser seg mon i å laga Hvordan bli en god kone, vil eg i beste fall tolka som at dei tenkjer at det framleis finst eit publikum som fniser av at ein måtte ha sex mot sin vilje og at raudhåra jenter betydde trøbbel. Det er som om Alle Kvinners Blad gjenoppstod og inngjekk eit samarbeid med bladet Familien og fekk laga ein film som berre abonnentane skulle få tilgang til.
Oh-la-la-land
Det er høg kosefaktor på regissør Martin Provosts siste film. Han har tidlegare levert fine drama som Jordmoren (2017) og Seraphine (2008). Sterke kvinnekarakterar er gjennomgåande for dei aller fleste filmane hans, noko han bør og skal ha ros for. Og alle kan tilgjevast for å villa laga ein lettliva komedie som trekkjer folk til kinoane. Men kan eg tilgje at han blandar inn musikalsekvensar? Nei, der går grensa for kor grei eg er berre fordi det snart er sommarferie. På den andre sidan har dei utdregne liksomartige scenene gjennom heile filmen kanskje åtvara om at noko så desperat kunne koma til å skje – her må godkjensla sikrast, for kvar pris! Som om ikkje nonner som spring med høge kne, Juliette Binoche på sitt mest oh-ete og la-la-ete og klatring i skrøpelege takrenner var nok!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.