Himmelen over Vincent
Kunsten å laga kunst som når breitt, kunne både van Gogh og filmskaparane.
Filmen består 100 prosent av animerte kunstverk.
Foto: Selmer Media
Animasjon / Krim
Regi: Dorota Kobiela, Hugh Welchman
Loving Vincent
Stemmer: Douglas Booth, Eleanor Tomlinson, Saorsie Ronan
I 1890 tok Vincent van Gogh livet av seg i den franske landsbyen Auvers. Eit år seinare får unge Armand Roulin beskjed av far sin, postmann og nær ven av kunstnaren, om å levera eit brev frå Vincent som aldri blei sendt. Mottakar er broren Theo, men det skal bli ei lang ferd før brevet vert opna.
Krimkunst
Loving Vincent kan kanskje fyrst verka som totalt sært og godt mogleg avskrekkande på nokon: Filmen består 100 prosent av animerte kunstverk. Det er som om van Gogh sjølv sit med penselen og målar ut livs- og dødshistoria si. Og aldri har du sett eit meir vibrerande lerret. Eg har ikkje eingong tenkt å forsøka koma inn på alle stilartane som blir brukte, ein fargesprakande stil til å visa notid, ein blyantaktig til å visa fortid. Kunstelskarar må jo omtrent få orgasme berre av traileren til filmen. Heldigvis er det ein film for veldig mange fleire. Loving Vincent er ei glimrande blanding av biografi og krim – tok han eigentleg livet av seg? Kvifor, i så fall? Og om ikkje – kven kan ha vilja han til livs?
Strøk på strøk
Fleire enn 150 kunstnarar har levert over 65.000 måleri for å gje liv til filmen, med ekte skodespelarar som modellar. Og det er ganske spektakulært, noko heilt unikt, med desse strekane som spildrar over i ansiktsuttrykk, heilt ulikt dei vanlege statiske linjene ein er van med i teiknefilmar. Eit skeivt smil, ei nyve i panna, naseborene som trekkjer seg litt oppover når ein snufsar inn – og i same slengen må det fantastiske lyddesignet takast med. Målarane har teke omsyn til kvart trekk av sigaretten, kvart glas som vert sett ned på bordet, og det halvkvedne mjauet til ein forbipasserande katt. Så i tillegg til ei meir enn fascinerande historie om ein meir enn fascinerande kunstnar, får sansane kvesst seg på ein aldeles interessant måte. Eg kan seia at eg var skeptisk før eg såg filmen, av di eg ikkje er nokon stor fan av animasjon, solsikkene til van Gogh eller konseptet med desse måleria. Så grundig feil kan ein ta – noko eg alltid vert glad for at eg gjer så lenge utfallet er at eg vert gledeleg overraska. Eg kan ikkje anna enn elska Vincent.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Loving Vincent er ei glimrande blanding av biografi og krim.
Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.