Film
Helten, døden og den australske naturen
The Dry er eit godt eksempel på at ikkje så store filmar fortener store lerret.
Australsk film har fått ein ny krimhelt i Aaron Falk (t.v.), spelt av Eric Bana.
Foto: Selmer Media
Når barndomsvenen drep seg sjølv og heile familien sin, må Aaron (Bana) heim i gravferda. Ikkje berre er det noko underleg med denne tragedien, men kan det vera ein samanheng med sjølvmordet til ein felles ven, Ellie, då dei var unge?
Samspelet
Australsk film har fått ein ny krimhelt: Aaron Falk. Eric Bana er både sårbar og tøff, akkurat som dagens heltar skal vera, og han er ikkje berre eit pent fjes, men eit menneske med samansett fortid og eit grublande hovud. Og så kjem han frå den vesle byen Kiawarra, eit westernbyliknande samfunn langt uti Australias enorme landbruksområde.
Byen vert ein viktig medspelar så vel som motspelar, ein stad som speglar både sinnet hans og innbyggjarane si mistruiske innstilling. Også den stadig trugande skogbrannfaren og fråverande avlingar gjer at folk er ekstra på tuppa her, på grensa mellom fattigdom og rein undergang.
Det er freistande å avfeia The Dry som ein film meint for TV, hadde det ikkje vore for desse svære, vide åkrane som strekkjer seg utanfor linsa og fyller lerretet med mektige tablå av ei verd utan vatn, og kva det i praksis betyr.
Kinokos
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.