Hard humor, mjuke tårar
Det er lenge sidan eg har gråte og ledd så mykje på same tid gjennom ein TV-serie.
Ben Whishaw i rolla som legen Max Adam.
Foto: HBO Max
Drama, komedie
Regi: Adam Kay
This Is Going to Hurt
Med: Ben Whishaw, Ambika Mod, Rory Fleck Byrne
HBO Max
Adam (Whishaw) jobbar som lege i spesialisering på ei fødeavdeling. I tillegg til å halsa frå rom til rom brukar han mykje energi på å gjera livet surt for den ferske turnuslegen Shruti (Mod) og den i utgangspunktet tolmodige sambuaren sin, Harry (Byrne).
Simultanføling
Velferdsstaten Storbritannia byr på gratis helsehjelp for alle, men NHS (National Health Service) har ikkje spesielt godt rykte på seg, verken blant pasientar eller blant tilsette. Handlinga i This Is Going to Hurt er frå 2006, då new public management gjorde sitt inntog på lite heldig vis. Dei overarbeidde tilsette lyt ta kurs i å læra seg å seia klient i staden for pasient, medan «klientane» hopar seg opp på shabby venterom.
Det er kanskje ikkje rart at stemninga ikkje står i det sjuskete taket, heller ikkje i This Is Going to Hurt. Den kaustiske dialogen får meg til å krympa meg – kostar det noko å vera litt hyggeleg med kollegaen din, liksom? Men alt kostar i helsevesenet, inkludert komplimenta.
Serieskaparen Adam Kay har basert handlinga på si eiga tid som nesten ferdig lege, så får eg berre håpa han overdriv om enkelte saker. Dei sviande kommentarane vekker ofte høglydt, langvarig latter hjå meg, som så gjerne går over til høge grinebekkar i augo som eg berre må la renna over til slutt.
New public faenskap
Grunnane til at denne serien rører meg så inn til rota, er mange – det er hjarteskjerande at offentleg helsevesen skal gå på stumpane for alle involverte. Det er til tider brutalt, det som skjer i fødestova, her er gryande venskapsband og vanskeleg kjærleik, og så Ben Whishaw i hovudrolla, då. Vakre, sårbare, uttrykksfulle, vedunderlege Ben Whishaw! Han ser rett nok etter kvart i eldste laget ut til å passera som tjue-eit-eller-anna, men utover det kunne ikkje nokon i heile vide, verda vore riktigare i rolla som denne plaga, unge mannen.
Det er kanskje marknadsført som sjukehusdrama, og for dei som likte Chicago Hope og Grey’s Anatomy, kan det sikkert fungera som referanse, men dette er milevis frå noko amerikansk heltedrama og såpeopera, sjølv om det ikkje manglar på intrigar og personleg drama her heller. Vel så mykje er det knallhard kritikk av eit helsevesen på stumpane og skrekk og åtvaring for dei som ynskjer seg meir privatisering og effektivisering av helsevesenet.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.