Hakeslepp og augepopping
The Substance er ekkelt underhaldande.
Demi Moore spelar den falmande filmstjerna Elisabeth Sparkle.
Foto: Arthaus
Drama / Skrekk
Regi: Coralie Fargeat
The Substance
Med: Demi Moore, Margaret Qualley, Dennis Quaid
Kinofilm
Den fordums filmstjerna Elisabeth Sparkle (Moore) får fyken som gyminstruktør på TV, då TV-stasjonen og sjefen, ein sexistisk dritsekk ved namn Harvey (Quaid) etterlyser ei ung, pen dame til å overta.
På eit legebesøk får Elisabeth tips om eit stoff som kan skapa to utgåver av ein sjølv – ikkje metaforisk, men fysisk, annakvar veke – og den unge, pene Sue (Qualley) blir skapt. Slik kan ho behalda både jobben og det gamle livet sitt. Akkurat.
Trolling
Det er artig å prøva kategorisera The Substance – det er ikkje ofte skrekk og drama er så likevektige som dette. Men så er det ikkje ofte det kjem filmar som dette heller. Det er ein viss fordel om du har sansen for både body horror og surrealisme, for her får både sjokkrefleksane og hjernen køyrt seg.
Det er også ein underleg tilgjengeleg film – her er vakre menneske, ein slags teikneserieaktig estetikk som samtidig minner meg om filmane til John Waters, der Pink Flamingos (1972) er den mest kjende. The Substance er sjølvsagt langt meir påkosta og med kameratutstyr og teknologiske hjelpemiddel femti år meir moderne.
Utviklinga av det kroppslege går etter kvart over i nærast trollaktige skapningar, og uti filmen kunne eg sverja på det var performancekunstnaren Tori Wrånes som var hyra inn. Den leikne stilen gjer at det gufne og sprø blir langt lettare å tola enn om den var laga som rein skrekk. Det skrekkelegaste her skal kanskje vera kor langt eit menneske er villig til å gå for å halda seg populær og ettertrakta.
Den lett fordekte referansen til Harvey Weinstein er nesten for opplagd, så eg er freista til å tenka at regissør Coralie Fargeat må ha tenkt fyrst og fremst på underhaldning, meir enn ein ekstremt opplagd bodskap om at Hollywood er overflatisk.
Revansj
Subtile bodskapar er tilsynelatande ikkje greia til Fargeat, også om du ser på førre filmen hennar, langfilmdebuten Revenge (2017). Skallar skal kløyvast, blod skal spruta, auga skal poppa ut – «hell hath no fury than a woman scorned». Hemnaspektet ligg også under i The Substance, men det slår mest tilbake på hovudpersonen sjølv, korleis no det skal tolkast.
Demi Moore er jo også i røynda ganske spretta opp og sydd saman, ein ironi som ho sjølv skal ha påpeika – du kan prøva å reversera alder, men naturen vender seg til slutt mot deg med full kraft. Den aldrande åttitalsstjerna som spelar aldrande åttitalsstjerne, byr verkeleg på seg sjølv her. Det er sjeldan vare å sjå rynkete nip/tuck-magar og silikonhengepupper på film. Den tilsvarande stramme, unge Margaret Qualley i rolla som Sue eller unge Elisabeth bidreg til at kroppsdvelinga blir komplett begge vegar.
Som i Revenge er det så mykje pikant filming at ein må kunna spekulera i om male gaze kan overførast til kvinnelege auge bak kamera. Det får bli ein annan diskusjon. Spektakulær er nettopp filminga, og om det er tilfeldig eller ikkje, filmfotograf Benjamin Kracun stod også for ein annan hat/hemn-film av den underhaldande, rosaprega sorten, den omdiskuterte Promising Young Woman (2020).
Regissør Coralie Fargeat har med sin andre film gått langt forbi å vera promising, og det er lov å stilla høge forventningar til neste film etter The Substance.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.